Austrheim Musikklag har siste året arbeidd med å setje opp ein konsert med musikk av Benny Andersson.

Konserten vert 2. november, og vil vise sider ved Andersson sin musikk som mange ikkje er kjende med. Melodiar som Gladan, Lottis Schottis, Anitas polska m.fl. er nok kjende for dei fleste, men det er ikkje sikkert at alle veit at det er Benny Anderson som har komponert dei.

Saman med Björn Ulveaus har Benny Andersson skrive tallause poplåtar som har hamna høgt på hitlistene, men Andersson har også eit stødig bein i svensk slåttemusikk. Han har spelt trekkspel i mange år og samarbeidd med grupper og lag i det svenske spelemannsmiljøet, først og fremst Orsa Spelmän. Dette har resultert i fleire konsertar og plater, og av slåttetypar har han komponert både polka og vals, schottis og polska. Under konserten vil publikum også få høyre meir viseprega melodiar som «Tröstevisa» og «Kärlekens tid», og slagerer i blues-tradisjon som «Du är min mann».

Benny Andersson var med og vann Melodi Grand Prix i 1974, og til konserten i november har Austrheim Musikklag fått med ein annan MGP-vinnar, vokalisten Elisabeth Andreassen

Musikklaget har også knytt til seg ei rekkje andre gode musikk-krefter, sjå berre her: 
Torgeir Apalset, Camilla Hole, Eivind Kandal, Øyvind Lyslo, Jørn Moen, Ole Henrik Mølmann, Håvard Nordvik, Otto Ose, Tore Pedersen, Elisabeth Røgeberg, Henrik Silfverhielm, Randi Støyva, Arne Søholt, John Rune Ødven, Bodvar Årskog, Stardalen mannskor.

Austrheim Musikklag håpar publikum vil få ein minnerik kveld i Trivselshagen.

Konserten kl 20.00 er utseld, men det er ledige plassar på konserten kl 17.00

Billettar er å få kjøpt på www.trivselshagen.no