Folkemusikkprisen er ei heidersutmerking og blir delt ut anna kvart år til ein person, lag eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for folkemusikken i fylket.

Her kan du lese grunngjevinga for tildelinga av Folkemusikkprisen 2012 til John Oddvar Kandal:

I boka ”50 år med folkemusikk” utgjeven av Rolf Myklebust i 1982, blir John Oddvar karakterisert som ”eit spelemannsemne utanom det vanlege”. Dette er noko Sogn og Fjordane Folkemusikklag stiller seg bak, 30 år etter at boka vart utgjeven.

John Oddvar Kandal (f. 1950) frå Breim er ein av dei alle fremste spelemennene vi har i fylket vårt, og ein framifrå representant for folkemusikktradisjonane og felespelet i Breim. Han tok til å spele fele i 14-årsalderen, og Breims-spelemannen Peder Råd var hans fremste læremeister. John Oddvar har eit allsidig repertoar etter mellom andre etter Per Støyva, Gabriel Reed, Anders Reed og Paulen-brørne Moses, Adolf og Petter.

I 1974 deltok John Oddvar på sin fyrste Landskappleik, og allereie året etter spelte han seg opp i A-klassen, eliteklassen på kappleik. Saman med orkesteret sitt, Kandals Orkester, har han også delteke på ei rekkje kappleikar og festivalar, med svært gode plasseringar. Og oppdrag har han hatt i både inn- og utland. John Oddvar har drive mykje med opplæring, både gjennom sitt eige gamaldansorkester og som kurshaldar. Orkesteret hans har nærast fungert som ein privat musikkskule, der ei rekkje kjende felespelarar har vore innom og fått slåtteopplæring og kunnskap om historia kring desse.

John Oddvar er i dag ei stor inspirasjonskjelde og musikalsk førebilete for fleire kjende felespelarar frå Nordfjord, og mellom desse nemner vi Sigrid Moldestad og Britt Pernille Frøholm. For tida er han tilsett som timelærar ved Norges Musikkhøgskole, og vidareformidlar der Breims-tradisjonen til nye generasjonar utøvarar. John Oddvar har held også kurs i springarspel, og er oppteken av å synleggjere den musikalske fellesskapen mellom bygdene kring Jostedalsbreen. Og i gruppa ”To Rette og Ein Rang” saman med Håkon Høgemo og Helene Myklemyr har han henta fram slåttemateriale frå Nordfjord, Jostedalen og Nord-Gudbrandsdalen.

John Oddvar er ein person som er lite oppteken av å marknadsføre seg sjølv – han er meir tilhengjar av å løfte fram andre og la musikken tale for seg sjølv. Dette har han vist gjennom å ta initiativ til og arrangere ei rekkje flotte tiltak som har vore til stor glede for mange, og vi kan nemne ei rekkje jubileumsmarkeringar, seinast for Adolf Paulen.

John Oddvar er ein allsidig bygdespelemann og ein stor ressurs for folkemusikken i fylket. Like gjerne som å spele for eit dansande publikum, står han på galleriet i kyrkja og framfører vare og lyriske tonar. På denne måten tek han vare på og vidareformidlar fleire sider ved speltradisjonen på ein framifrå måte. Innsatsen hans som utøvar, instruktør, initiativtakar og tilretteleggjar er til inspirasjon for oss alle.

I desember 2011 mottok John Oddvar Kandal kulturprisen frå Gloppen kommune. Og det er ei glede for Sogn og Fjordane Folkemusikklag å tildele Folkemusikkprisen 2012 til John Oddvar Kandal.