Mokurset 7.-12.juli:

INSTRUKTØRAR 2013

Mokurset 2013 byr på nokre av dei fremste aktørane innan norsk folkemusikk. Gå inn og les om årets instruktørar!

 

 

 MEISTERKLASSE PÅ FELE/HARDINGFELE - i samarbeid med Førdefestivalen!


Erlend Viken  

 

Født og oppvaksen i Oppdal og lærte å spille fele av far sin, Erik Sverre. Det er tradisjonsmusikk frå heimbygda som er grunnlaget i Erlend sitt tonespråk, men han har også spela mykje forskjellig musikk, og da særleg hardingfeletradisjonane i Valdres og oldtimemusikk frå USA. Tross sin unge alder har Erlend allereie vorte godt lagt merke til med sin musikk både heime og utanlands. Han har vunne folkelarmprisen for plata ̈Duo ̈ med Aslak Brimi. Han har vorte nominert til to Spellemannsprisar med Earlybird Stringband, og i 2012 ble Erlend kåra til årets unge folkemusikar i Noreg då han vant Intro-Folk i regi av Rikskonsertane. Hans nye hovudprosjekt er Vikinj Trio. 

 

 

   

FOLKELEG DANS - innføringskurs

 

 

 Maria Skjeldrum Toppe

 

Maria Skjeldrum Toppe er 20 år og kjem frå Bergen. Hun starta å spele hardingfele som 7åring og har sidan den tid vore aktiv i folkemusikkmiljøet. Ho har drive med ulike typar dans, som ballett, moderne og samtidsdans – og fann etter kvart også vegen inn i folkedansen. Maria har gått danselinje på vidaregåande, og tatt instruktørkurs i folkedans gjennom NU. Ho er no instruktør for barn og aktiv dansespelemann i folkemusikkmiljøet i Bergen. Maria studerar no musikkterapi på Griegakademiet i Bergen. Ho har mange gode minner frå ho sjølv var elev på Mokurset, og gledar seg no til å koma tilbake!

 

 

 

Silja Solvang

 

Silja starta å danse som åtteåring og har sidan den tid dansa mykje. Ho er aktiv dansar i folkedansmiljøet i Bergen, og likar å utforske dansen. Ho underviser ved faste øvingar samt  helgekurs, for både barn, ungdom og vaksne. Silja var med i prosjektet Nordic Dance 2012 og likar å reise rundt på kappleiker, kurs og festivalar. No gler ho seg til å kome tilbake til Mokurset etter fleire år som elev friskt i minne.

 

 

 

 

 

SONG- OG SPELKURS

 

SONG:

 

Unni Løvlid 

 

Unni vaks opp i Hornindal i Sogn og Fjordane, der ho lærde å spele piano, fele og hardingfele. Interessa for folkesong fekk ho frå mora si, som har samla inn mykje tradisjonsmusikk i Nordfjord. Etter tre år musikklinja på Firda vidaregåande skule fra 1992 til 1995, gjekk Unni på folkehøgskule på Hamar. Sidan byrja ho på Norges Musikkhøgskole, der ho tok hovedfag i musikk. I 2007 fekk ho Gammlengprisen i klassen folkemusikk. Unni er ein framragande utøvar innan sitt felt, og har mykje å bidra med for å gjere eit kurs interessant og spanande. 

 

 

 

 FELE:

 

Bjørn Kåre Odde

 

Bjørn Kåre Odde (f.1990) spelar folkemusikk frå Gudbrandsdalen og er eit nytt ledd i ein lang familietradisjon med felespelarar i Garmo i Lom kommune. Bestefaren hans, Bjørn Odde, har vore ein viktig læremeistar, men han har også gått i lære hjå andre kjente namn som Knut Kjøk, Amund Bjørgen og Vegar Vårdal. Sidan 10-årsalderen har han delteke på kappleikar og festivalar og har, sin unge alder til tross, hevda seg i A-klassa på Landskappleiken sidan opprykket i 2010. For tida studerar Bjørn Kåre ved Norges Musikkhøgskole i Oslo med mellom anna Per Sæmund Bjørkum som lærar.

 

 

Ingrid Heieren

 

Ingrid byrja å spele hardingfele som tiåring, og har gått i lære hjå mellom anna Knut M. Sandal og Sigmund Eikås. Ho har sidan starten vore ein aktiv deltakar på kurs, kappleik og festivalar, og ho spelar slåttemusikk frå heile Sogn og Fjordane. 

 

Ingrid har studert folkemusikk i Rauland, og er for tida student ved Norges Musikkhøgskole, der ho har Håkon Høgemo som lærar. I år som i fjor gledar ho seg til å vera instruktør på Mokurset, med gode minner frå sine eigne år som elev friskt i minnet. 

 

 

TORADAR:

 

Rannveig Djønne

 

Rannveig Djønne kjem frå Ullensvang i Hardanger, men er no busett I Oslo. Ho har spelt toradar i snart 30 år og har mellom anna gått på Ole Bull akademiet på Voss. Djønne vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Ho har undervist i ulike kulturskular i fleire år og har vore instruktør på toradarkurs i inn – og utland. I 2009 kom debututgjevinga, hennar; ”Spelferd heim”, og I 2012 gav ho ut “Toras Dans – populærmusikk frå Hardanger” saman med Annlaug Børsheim. 

 

 

 

TREKKSPEL:

 

Linda Gytri

 

Linda Gytri frå Oldedalen i Nordfjord er ein nyskapande trekkspelar av den poetiske sorten. I musikken hennar er der rom for både ettertenksam melankoli og friske vindpust. Debutplata Umbra i 2012 fekk strålande mottaking.

Linda har mastergrad i folkemusikk, samt eit utvekslingsår på Sibeliusakdemiet i Finland, og vart norgesmeister i solistklassen Varietè i ung alder. Til dagleg underviser ho ved Stryn Kulturskule på piano og trekkspel. I den tradisjonelle folkemusikken spelar ho alt frå springleik og halling til finske polskaer og rufsete balkantonar. Polka med sjel!

 

HARDINGFELE:

 

Einar Ese

 

Oppvaksen i Balestrand, bur no i Jostedalen. Lærar i ungdomsskulen. Har undervist på hardingfele i musikkskulen, og var instruktør på Mokurset i fjor.

 

 

 

 

 

 

 Gro Marie Svidal

 

Gro Marie frå Jølster er ein allsidig utøvar som arbeider både som musikar, produsent og koordinator for folkedansprosjektet Bygda dansar. Ho har musikkutdanninga si frå Ole Bull Akademiet og Norges musikkhøgskule, og mastereksamen frå 2010 der ho fordjupa seg i formidling av musikk og presentasjon av slåttar på konsert. I tillegg til å vere solist, medverkar Gro Marie i fleire grupper og teaterproduksjonar og samarbeider med musikarar frå ulike sjangrar. I 2009 gav ho ut sin første CD og i år er ho tildelt statens kunstnarstipend.

 

 

 

 

Sigmund Eikås

 

Sigmund er ein nestor på hardingfele, og hans sikre fotfeste i folkemusikken gjer han til ein engasjert og entusiastisk utøvar og formidlar av slåttemusikken, både som instruktør og i konsertsalen. Til dagleg arbeidar han som fylkesmusikar i SFJ.

    I 1994 gav han ut soloplata Jølstring, med slåttar frå Sunnfjord, og same året fekk han Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris. I 2001 fekk han fylkeskulturprisen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

 

 

Leif Erik Stuhaug, frå Naustdal

 

Leif Erik Stuhaug er frå Naustdal og spelar hardingfele. Han har studert utøvande hardingfelespel på Ole Bull Akademiet, der han hadde Håkon Høgemo som lærar.  Medlem av mellom anna Gamlebanken Spelemannslag, der han likar best å stå på førsterekka. Mokurset ser fram til nok ein gong å få besøk av Leif Erik som instruktør.

 

 

 

 

 

Annlaug Børsheim, frå Hardanger

 

Annlaug er multiinstrumentalisten frå Ulvik i Hardanger som syng, spelar hardingfele, fem-strengs fele, gitar og det vesle indiske drone-harmoniumet shruti-box. På Mokurset kjem ho til å konsentrere seg om hardingfelespel frå Hardanger. Dei sterkaste musikalske røtene hennar står i folkemusikken, men oppå dei byggjer ho nytt, tek vare på - og riv ned. Ho hentar mykje direkte frå folkemusikken og serverer det i meir eller mindre bearbeida former, og i 2010 kom ho med si fyrste soloplate, November. Annlaug har eit godt forhold til Mokurset frå før, og gledar seg til å koma til oss som instruktør i juli.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

| Mer++