Kurshelg med Vikenslåttar i Førde 26-28. februar 2010 for spelemenn, spelemannslag, aktive utøvarar på fele, hardingfele og trekkspel
Indre Sunnfjord Spelemannslag vil siste helga i februar arrangere kurs i spel av slåttar etter Anders Viken frå Jølster. Det blir parallelle kurs både for fele, hardingfele og trekkspel.
Instruktørar på fele/hardingfele blir Per Sæmund Bjørkum og Arne M. Sølvberg. Instruktør på trekkspel blir Jon Faukstad. Desse tre skulle vere velkjende for mange som profesjonelle og profilerte musikarar. Dei tilhøyrer eliten innan sine instrument, og kan nesten reknast som statsautoriserte innan Vikenspel. Både Bjørkum og Faukstad underviser v/Musikkhøgskulen. Sølvberg er først og fremst solospelemann både på fele og hardingfele.
Det er svært sjeldan vi får samla så mange og sterke namn som instruktørar. La derfor ikkje sjansen gå frå deg. Vi trur kurset vil gi eit løft for den enkelte både spelemessig og sosialt. Det blir og eit bidrag til å halde Vikenslåttane levande. Musikken til Anders Viken er kjent for å vere teknisk krevjande med mykje posisjonsspel og doble grep på fela. Bra teknikk er derfor ein fordel.
Laurdagen blir det konsert med instruktørane i samarbeid med Førdefestivalen under merkenamnet FolkJazzScena. Etter konserten vil Indre Sunnfjord Spelemannslag spele til dans. Kanskje vil nokre av kursdeltakarane og bidra?
Kurset vil bli halde i Førde kulturskule sine lokale i Gamlebanken i Førde. Oppstart fredag den 26.02. kl. 20.00. Avslutning søndag den 28.02 kl. 14.00. Totalt 12 timar.
Kursavgifta er kr. 500. Dette inkluderer enkel servering på laurdagen.
Bindande påmelding innan 15.02.2010 til underteikna, men send gjerne førehandspåmelding alt no.