Er du vaksen, har erfaring frå folkedans og er interessert i å utvikle,
finslipe og fordjupe deg i denne?
No har du sjansen å melde deg på eit eineståande kurs med folkedanspedagog
Ami Petersson Dregelid og spelekvinne Ellika Frisell.
Kurset føregår på Mo i Sunnfjord 1.-6. august 2010.
Kurset vil fokusere på generelle spørsmål knytt til både bygdedans og runddans. Dette er ellom anna samspelet mellom musikk og dans, spørsmål kring samdans og korleis ein lyttar til kvarandre, ulike snuteknikkar, balanse, flyt og driv i dansen, samt personleg uttrykk.
Kurset er praktisk retta med testing av ulike spørsmål og problemstillingar direkte på dansegolvet, og med innslag av faglege refleksjonar og diskusjonar. Du kan melde deg på åleine eller saman med ein partnar.
Kursavgift: inkl. kost og losji kr. 3 500 pr. pers.
eksl. kost og losji kr. 2 500 pr. pers.