Heim
 
 
Primstaven
Vis heile kalenderen
Legg til hendingar
 
Legg till aktivitet
Legg till aktivitet
Månedsformat
Månedsformat
Listeformat
Listeformat
Ukeformat
Ukeformat
Dagformat
Dagformat
Kategorier
Kategorier
Søk
Søk

Aktivitet: 'Munnspelkurs, Naustdal'

Kurs
Dato: Fredag, September 24, 2010 At 00:00
Varighet: 2 Dager
Kontaktinformasjon:
E-mail:

Munnspelkurs med John-Erik Hammarberg.

Last ned faldar her: pdf 

 

Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Naustedalen Spelemannslag ønskjer å blåse nytt liv i munnspeltradisjonen, og skipar til kurs på Håjen Kafé i Naustdal 24.-25. september 2010. For 60-70 år sidan var munnspelet nærast allemannseige - det var billig, lite og enkelt å bere med seg. I dag står munnspeltradisjonen ikkje særleg sterkt i Norge, og ein finn svært få utøvarar som beherskar instrumentet og tradisjonelle spelemåtar. No kan du melde deg på kurs og vere med og slå eit realt slag for munnspelet!

Kurset er ope for alle, men du må kunne spele litt frå før (dvs. enkle melodiar). Deltakarane må sjølv skaffe seg diatonisk munnspel i G-dur. På kurset vil det vere fokus på å lære bort teknikken med ”tungebassing”, det vil seie å bruke tunga på ein slik måte at ein kompar tll melodistemma. Det vil elles bli lært bort både norske og svenske slåttar frå grensetraktene mot Noreg.

Kursinstruktør er John-Erik Hammarberg frå Sverige. Han er ein av dei aller fremste utøvarane på munnspel i Sverige, er ein av få spelemenn på munnspel med tittelen Riksspelmann, og ein populær og mykje nytta kursinstruktør i heile Sverige. Hammarberg er busett i Västerås, men kjem opphavleg frå Jämtland. Munnspeltradisjonen har han lært direkte frå eldre utøvarar i grensetraktene mot Norge, og det er svært mange fellestrekk og mykje felles repertoar med munnspeltradisjonen i Norge.
 



Søk i kalender


 

 
© 2010 Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12D2