Heim
 
 
Primstaven
Vis heile kalenderen
Legg til hendingar
 
Smørbukk-Kappleik

SMØRBUKK-KAPPLEIKEN 2010

Active Image

Kvar? Mo og Jølster Vid.Skule
Kva tid? Laurdag 13. mars, kl. 11.30
For kven? Born som driv med folkemusikk og dans i Sogn og Fjordane!!
Kvifor? For å ha det moro!!

 

SMØRBUKK-KAPPLEIKEN 2010

Kvar? Mo og Jølster Vid.Skule

Kva tid? Laurdag 13. mars, kl. 11.30

For kven? Born som driv med folkemusikk og dans i Sogn og Fjordane!!

Kvifor? For å ha det moro!!

Kva skjer?

På kappleiken kan de opptre med dans, spel eller song. Åleine, i ei gruppe eller i eit heilt lag. Kappleiksdeltakarane vert ikkje inndelt i klassar, men tre domarar får den krevjande jobben med å dele ut prisar. Prisane går til prestasjonar domarane meiner utmerkar seg på eit eller anna vis. Til dømes: Fin sceneframferd, god formidling, god framføring, stor spele-/synge-/danseglede eller mest fantasifulle innslag.

Får vi mat?

Sjølvsagt!! Det er lagt opp til middagspause i kappleiken. For deltakarane er middagen inkludert i deltakaravgifta. Foreldre og andre får kjøpe mat for ein rimeleg pris.

Kafeen vert open frå klokka 11.30.

Der kan ein få kjøpt rundstykke, kaker og kaffi.

Tidsplan for Smørbukk-Kappleiken 2010:

11.30
12.00 Registrering
12.00 12.30 Felles dans for å røre folk i hop
12.30
12.45 Klargjering til kappleik
13.00 14.00 Kappleik
14.00
14.45 Middag
14.45 - ? Kappleik

Deltakaravgift.

Deltakarane betaler kr. 100 for å vere med på kappleiken. Avgifta inkluderer middag. Ein betalar når ein kjem, og får ein middagslapp. Det er innført søskenrabatt. Det vil seie at ein betalar halv pris (50,-) frå søsken nr tre eller fleire som skal delta på kappleiken. (Prisen for tre søsken vert dermed 250,-)

Må ein melde seg på? Ja, det må ein.

Kvifor det? Vi må vite kven som kjem, og kva de vil bidra med slik at vi kan sette opp ei programrekkefølgje. Elles må vi vite omlag kor mange som kjem frå kvart lag slik at vi har nok mat.

Kva tid er fristen då? Påmelding snarast og seinast 7.mars

Til kven skal ein melde seg på?

Dagrun Hesjevoll

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

(pass på at du får med alle naudsynte opplysningar)

Tlf: 57683266 / 99263887

Velkomne på Smørbukkappleik.

Me gler oss!

Beste helsing

Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Aslak Johnsen (s) Dagrun Hesjevoll

-styreleiar- -dagleg leiar-

 
< Forrige
 

 
© 2010 Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12D2