Mest fordi dei har høyrt så mykje godt om Jølster, og dette trivselsfylket. «Også er det så mange pene damer på Vestlandet», humrar dei. Odde/Nilssen har lenge ønskt å spele konsert for verdas trivelegaste folk – nemleg jølstringane – i følgje dei sjølve, og fredag kl. 19.00 er alt klart for konsert på Påfyll Jølster, på Ålhus.
 
Odde/Nilssen er to trekkspelarar som begge har sterke familietradisjonar når det gjeld folkemusikk. Dei har hatt familiemedlemmar som sine viktigaste læremeistrar og dette har gjort at dei står fram som nokre av dei mest sentrale utøvarane på trekkspel i sine distrikt. «Vi møttes gjennom studiar på Vinstra VGS og på Noregs musikkhøgskule, og har sidan det spelt mykje i lag, både til dans og på konsertar», fortel Nilssen og legg til at dette er deira aller første konsert i kulturkommunen.
 
Unge talent
Både Nilssen og Odde har vore med på Førdefestivalen sitt talentprosjekt, og må kunne karakteriserast som medaljegrossistar etter ei rekkje solide plasseringar på kappleikar og festivalar. Musikken dei spelar er i hovudsak tradisjonell slåttemusikk frå deira egne distrikt, men og nyare komposisjonar. Det aller meste i eigne arrangement. «Slåttemusikk på trekkspel har vore nytta mykje som tradisjonelt dansespel, men det har dei siste åra vorte større etterspørsel etter å få sjangeren opp på konsertscena», legg Mads Erik til.
 
Starten på ein lengre turné
Odde/Nilssen skal våren og hausten 2015 spela ei rekkje konsertar rundt om i landet, og dei ynskjer å få slåttemusikk spelt på trekkspel ut til eit større publikum. Konserten på Ålhus er berre starten på ein lengre turné der dei har eitt mål for auget: «Vi ser på det som vårt oppdrag – Trekkspel til folket!», seier dei med glimt i auget, og håpar jølstringane lever opp til det gode ryktet som ivrige konsertgjengarar.
 
 
Konsert på med Odde/Nilssen
Påfyll Jølster, Ålhus
Inngang: Voksne : 150 kr
Honnør/student: 100 kr