Landsfestivalen feirar 30-årsjubileum og går av stabelen i Gaupne 3.-7. august. I tillegg til tevlingane  tilbyr festivalen eit rikt kulturprogram desse dagane. 
 
20 tradisjonsmil 
Onsdagskveld inviterer Landsfestivalen til ein ekte sognakveld i Parken. Med konserten ”Frå Sygnefest til Skjoldar – 20 tradisjonsmil” vil me heidre lokale utøvarar som har fremja gammaldansmusikken på ein framifrå måte. 
 
- Me serverer ekte sognamat for kropp og sjel til både kortreiste og langreiste gjestar denne kvelden. Sogn kan skilta med ei rekkje framståande utøvarar i alle aldrar, og me freistar å gje musikalske smakebitar frå høgst levande og vitale folkemusikk- og gammaldanstradisjonar i regionen, fortel festivalleiar Synnøve S. Bjørset. 
 
På konserten får du møte utøvarar heilt ytst frå Solund til inst i Skjolden. Vidar Underseth, Håkon Høgemo, Elle’s, Aurland Spelemannslag, Gamlebanken Spelemannslag, Ramstadlaget og Lystringen vil vere med å fargeleggja denne kvelden med runddansmusikk frå sitt heimmiljø. Jens Brekke leiar konserten med slagferdige og humoristiske historier som garantert set stemninga for resten av festivalen. Etter konserten vert det servert lokalmat og på menyen står dei lekraste rettar sett saman av kortreiste kvalitetsråvarer, alt samla til ein Lustratalik. 
 
Gaman i Gaupne 
- Landsfestivalen feirar 30 år i 2016, og me inviterer til ein kveld med skråblikk og tilbakeblikk på ein festival der dei musikalske høgdepunkta har stått i kø. På denne konserten vil me presentere både lokale og tilreisande utøvarar som har vore med på å prege festivalen gjennom åra. Konserten ”Gaman i Gaupne – Landsfestivalen 30 år” blir leia av ein kjend og kjær sogning som vil kalle fram både latterbrøl og jubelrop, nemleg Finn Tokvam, sprudlar festivalleiar Bjørset.  
 
Honndalstausene, Øyvind Sandum, Thomas Nilssen, Småviltlaget og Sør-Fron Spelemannslag er av dei som har vunne ein rekkje titlar opp gjennom åra, og desse vert det gjenhøyr med på jubileumskonserten. I tillegg vert det samtale med Sigmund Eikås, mannen bak Landsfestivalen i 1986. 
 
- Honndalstausene kom feiande som ein frisk vind frå vest inn på gammaldansarenaen tidleg på 1980-talet. Sju jenter med speleglede og felles folkemusikktradisjon frå Hornindal gjekk til topps på Landsfestivalen i 1988, og no kjem dei til Gaupne. Me er veldig glade for at dei vil vera med på markeringa, seier festivalleiaren. 
 
PolkaLutt og Laurdagsfestival 
I tillegg til desse to store konsertane vert det arrangert PolkaLutt, i godt samarbeid med NRK Sogn og Fjordane og Stian Sjursen Takle, med livesending frå Parken fredagsettermiddag.  
 
Der vert det også eit stort familiearrangement på laurdag med tilrettelagde aktivitetar som borne-familiekonsert, kappleik, dansemoro, køyring med hest og vogn og open scene der alle som ønskjer kan opptre.  
 
- Sundagsmorgon inviterer kyrkja i Luster til gudsteneste i Gaupne kyrkje, før festivalen vert avslutta med den tradisjonelle Meisterkonserten der vinnarane vert kåra og signerar med ein slått kvar, seier Synnøve Bjørset.