Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Grunnleggande instruktørkurs (Ørsta)

Velkomen til grunnleggande instruktørkurs 18.-19.november i Ørsta!


Ordinær påmeldingsfrist  2.november innan kl. 23:59. Vi har framleis ledige plassar, ta kontakt om du ynskjer å delta ([email protected]).

(Påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida) Pris: 500,- (medlem av NU), 1000,- (ikkje-medlem)


I samarbeid med Ørsta Ungdomslag inviterer Noregs Ungdomslag til grunnleggande instruktørkurs i Ørsta helga 18.-19.november 2023.
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag.

Om kurset:

På dette kurset vil du lære eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om folkedanssjangeren og du lærer metodar for å lære bort og leie dans. Kurset er praktisk lagt opp og instruktøren vil ta utgangspunkt i ulike dansar for å gi deltakarane verktøy til korleis lære vekk folkedans til andre. Kurset legger også opp til refleksjon, erfaringsutveksling og diskusjon. 


Om instruktøren og musikaren:

Denne gongen har vi fått med oss dyktige Inga Myhr til å halde kurs. Ho kjem frå Trysil og er ein av fire folkedansarar med bachelor i utøvande folkedans frå NTNU. Ho har vore sentral som instruktør og pedagog i fleire Bygda Dansar-prosjekt og som prosjektmedarbeidar i eitt av fylka der Bygda Dansar har funne stad. Inga har mykje erfaring som instruktør og kurshaldar for ulike aldersgrupper. Ho har eit breitt repertoar og god kjennskap til fleire ulike folkedanssjangrar i tillegg til eit stort engasjement for folkedansen.

Som musikar har vi henta inn Sigrid Stubsveen. Ho er folkemusikar frå Engerdal med utdanning frå Norges Musikkhøgskule. Sigrid er aktiv musikar i ulike prosjekt, både duo og ensemble og har erfaring som komponist, teatermusikar og pedagog, i tillegg til å ha medverka på ulike innspelingar. Ho har også gjeve ut tre album og fått tildelt ulike prisar for hennar talent, engasjement og arbeid for folkemusikken. Ho har ei spesiell interesse for tradisjonsmusikken frå Engerdal og har arbeidd mykje med fordjuping i denne. Ho er også iniativtakar og leiar for folkemusikkfestivalen "Heme dine". 

Sigrid og Inga har samarbeidd mykje om dansen og då særleg bygdedansen runnom som kjem frå deira tradisjonsområde. Dei har jobba mykje med dansen og musikken saman, og har laga runnomforestillinga "Det er nå runnom som er dansen, da". 


Målgruppe: 
Kurset passar for deg som har noko instruktørerfaring frå før eller for deg som er nysgjerrig på instruktørrolla. Det er ein føresetnad at du har folkedanserfaring frå tidlegare for å få best mogleg utbytte av kurset.

Kurstider:
Laurdag 09:00-16:00
Sundag 10:00-15:00

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Lagslokala til Ørsta Ungdomslag i Ørsta Kulturhus, Holmegata 7, 6153 Ørsta.
Lagslokala ligg i kjellaren av kulturhuset som ligg sentralt i Ørsta og det er kort veg frå offentleg transport.

Overnatting:
Vi har ikkje tilbod om overnatting i samband med dette kurset. Deltakarar med behov for overnatting må finne dette sjølv, men det finst fleire alternativ i form av hotell, camping og airbnb.

Prisar:
Kurspris: 500,- (ikkje-medlemer i NU betaler 500 i tillegg til dette)

Lunsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med [email protected] før du fullfører påmeldinga. 


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via https://www.deltager.no/event/grunnleggande_instruktorkurs_orsta_18112023. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 2.november kl.23.59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til [email protected] 


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Foto Sigrid Stubsveen: Thor Hauknes


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon