Mokurset hadde i år tilbod om spelekurs på fele, hardingfele, trekkspel og toradar. I tillegg til dei 60 deltakarane var 11 instruktørar og prosjektleiar samla på Mo denne veka, og i tillegg var det ei rekkje frivillige medhjelparar innom for å ta i eit tak.

I tillegg til deltakar- og instruktørkonsertar, var heile Mokursgjengen på konsert og dans på Sunnfjord Museum torsdag kveld. Linda Gytri og Annlaug Børsheim stod for konserten medan Gamlebanken spelemannslag spelte opp til dans.

Mokurset vart avrunda fredag med den tradisjonelle Mokurskonserten der alle deltakarane presenterte noko av det dei hadde arbeidd med i løpet av kursveka.

Tusen takk til alle som bidrog til at det vart eit vellukka kurs!

Ei ekstra takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, FolkOrg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.