gamlebanken.jpg
 
Gamlebanken Spelemannslag knallar til igjen siste helga i februar. Då feirar laget dei siste ti åra med festkveld på Håjen Kafè i Naustdal på laurdag 25., og konsert i Jølstramuseet på Vassenden på sundag 26. Laget består av unge folk som likar å spele i lag, og dette har gitt resultat både i tevling og til dansespel.
 
Musikalsk sjef, Synnøve S. Bjørset, kan melde om at laget stiller slagkraftige med ti feler og dølakomp, og eit variert repertoar.
 
- På konsertane blir det duettar, solospel og ikkje minst kompromisslaust lagspel med både tradisjonell runddans og bygdedans. Noko for dei fleste med andre ord! Til dansen på laurdagskvelden sparar vi heller ikkje på konfekten, legg ho til.
 
Laurdag blir det full pakke med konsert, torettars middag og dans etterpå. På sundag blir det konsert, med høve til å kjøpe mat før eller etter.
 
Pressesjefen i laget seier i ein kort kommentar at han har øvt godt, og no har fokus på å stryke gullslipset og å finpusse introduksjonen sin på slåtten ``røyskatten``. Så her er det ikkje mykje å duse på.
 
Velkomne til ei triveleg helg!
 
Billettar kjøper du enkelt på nettet. Gå inn på Ticketco.no. Søk så på Gamlebanken, då kjem du fram.
 
Laurdag 25. februar     
Håjen kafé kl. 19:00  
Konsert, 2-rettars middag, dans
Kveldspakke kr 590,- 
Søndag 26. februar
Jølstramuseet kl. 16:00
Familiekonsert
Konsertpris: 225,- | gratis under 16 år
jubileum.jpg
 
Last ned jubileumskonsert-plakaten i pdf her: jubileum.pdf