Komande laurdag, 18. februar kl. 20.00, inviterer Hyen bygdekvinnelag og Hyen spelemannslag til gamaldans med noko attåt i Hyen samfunnshus.
 
Gloppen hardingfelelag og Hyen spelemannslag spelar opp, og bygdekvinnelaget diskar opp enkel servering – som er inkludert i billettprisen, kr 150,-.
 
- Møt opp og få deg ein svingom, er oppmodinga frå tilskiparane.