11.-13. mars inviterer Vindfylla Spelemannslag inn til Fylkeskappleik på Kjølsdalen Montessoriskule. - Det vert ein intim og koseleg kappleik, fortel Thomas Hals, marknads- og informasjonssjef, som saman med resten av hovudnemnda allereie er godt i gong med førebuingane.

Kappleiken tek til fredagskveld med ulike tevlingar til dansande publikum, og held fram laurdag der den tradisjonelle Smørbukkappleiken får sin faste plass midt på dagen. - I tillegg til dei faste kappleiksklassene held vi vidare på samarbeidet med DM, så det skal bli eit variert og flott program, seier kappleiksleiar Sigmund Larsen.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag deler annan kvart år ut Folkemusikkprisen til ein person, eit lag eller ein institusjon som har gjort særleg mykje for folkemusikken, og under Fylkeskappleiken i Kjølsdalen vert prisen for 2016 delt ut.