Innbyding til:
Fylkeskappleiken 14. april 2012 i Stryn
Spelemannslaget Fjelljom står som lokal tilskipar av Fylkeskappleiken 2012, og vi ynskjer vel møtt til Stryn kulturhus laurdag 14. april. Med betre vegsamband i fylket har vi merka ei endring i deltakinga på fylkeskappleiken, der mange berre møter opp den dagen dei skal delta på noko. Difor vil vi i år prøve med eindagskappleik og vonar at mange vert til stades på alt.
Kappleiksarena:
Tevlingslokala er dei same som vi nytta i 1997 og i 2003. Alle øvingsromma er også i kulturhuset. Storsalen i kulturhuset vart utforma med ynskje om god akustikk, og er rekna som særs vellukka i så måte. Tevlingane om dagen vert difor også denne gongen avvikla utan høgtalaranlegg . Men på kveldstevlingane med dansande publikum må vi skøyte på med lydforsterkning.
Mat:
Det vert sal av både middag og kaffimat i kulturhuset.
Overnatting:
Fjelljom har ikkje planer om å organisere klasseromsovernatting denne gongen. Men vi oppmodar dei som treng overnatting om å nytte tilboda som er i reiselivskommunen Stryn.
Her er nokre forslag:
Premiering:
Gjeldande reglement seier at det berre er juniorane som har krav på deltakarpremie, men vi lovar deltakarpremie til absolutt alle som deltek, uansett alder. Premien har ein butikkpris på kr 150,- pr stk. Elles er det vanleg premiering til beste tredjepart i kvar klasse. Vandrepremien i solospel går framleis, og i tillegg vurderer vi å få sett opp vandrepremie både i vokal og i dans.
Påmelding:
All påmelding og betaling må skje elektronisk over FolkOrg sitt system. Påmeldingsfrist er 20.mars.
Skjema og betalingssystem på nettet er no oppdatert. Når det gjeld deltakaravgifta, har vi i år gjort endringar for å få likestilling mellom dans og musikk. Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane har elles gått inn med tilskot til Fylkeskappleiken i år, noko som kjem deltakarane til gode ved redusert deltakaravgift i mange klassar i høve til fjoråret.
Satsar:
Einskilddeltakarar (spel, vokal, lausdans): senior kr 150,- junior/rekrutt kr 75,-
Pardans, pr. person (evt. dansefølgje gratis): senior kr 150,- junior/rekrutt kr 75,-
Lagdans, pr. person: senior kr 100,- junior/rekrutt kr 50,-
Grupper og open klasse, pr. person: senior kr 100,- junior/rekrutt kr 50,-
Lagspel senior og samspel junior, pr. person: senior kr 100,- junior/rekrutt kr 50,-
Førebels program (kan verte endra og meir presis når påmeldingane er på plass):
Kl 0900: Ope deltakarmottak for registrering. Open kafe.
Kl 1100: Spel solo fele/hardingfele kl B, rekrutt, C og D
Solo vokal kl rekrutt (evt gruppe vokal rekrutt), B, C og D
Kl 1400: Pardans (bygdedans) og lausdans kl rekrutt, C, B og D
Lagdans junior og senior
Kl 1600:Samspel junior (ny klasse, inkluderer også tidlegare lagspel junior.)
Solo andre eldre instrument, rekrutt, junior og senior
Gruppespel folkemusikk, senior
Open klasse, senior
Lagspel senior
Kl 1900: Spel solo hardingfele/fele klasse A
Pardans og lausdans klasse A
Vokal klasse A
Utdeling av Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane.
Kl 2000 Scena vert rigga om til dansegolv og tevlingane resten av kvelden går
til dansande publikum:
Runddans/gammaldans solo, junior og senior.
Lagspel runddans/gammaldans
Runddanstevling pardans i vals og hamborgar, innleiande grupper,
junior og senior
Gammaldansgrupper
Finale runddans (vals og hamborgar), junior og senior
Dans for alle til musikk av grupper og spelemannslag, bygdedans og runddans.
Kl 2400: Premieutdeling, formell avslutning.
Kl 0200: Dansen slutt.
Med beste helsing frå hovudnemnda
Arne M. Sølvberg Antonia Karete Haugen Kongsvik Idar Holen
Leiar, tlf 48151317 Tevling, tlf 90999988 Premiar, tlf 91590890
Olav Næss Brynhild Sætren Elling Sølvberg
Mat, tlf 91576376 Økonomi, tlf 97490648 Teknisk, tlf 90676246