APAL

Oldedalen 8. september

FRÅ OLDEDALEN TIL INDIA: KONSERT MED APAL

Førstkommande søndag kl.2000 vert det konsert og kaffikalas i Oldedalen.Linda Gytri fått med seg nybakt norgesmeister på torader Kristoffer Kleiveland og gitarviritousen Vidar Berge i den rykande ferske trioen Apal. Det vert dermed høve til å oppleve deira friske nyskapande folkemusikk før dei legg ut på spelereise heilt til India!

Det er Rikskonsertene og Jodhpur International Folk Music Festival i INDIA som har invitert trekkspelar Linda Gytri til å komme og spele der på sistnemnde festival i oktober. Medmusikarar på turen vert nybakt noregsmeister på torader Kristoffer Kleiveland og gitarvirituos Vidar Berge.
Saman utgjer dei trioen APAL.
Trioen spelar hovudsakleg komposisjonar av Linda Gytri - forfriskande ny folkemusikk
på energisk vis.
Apal er som kjent eit dialektord for epletre, og trioen framfører musikk som både får fart på epleskrotten – og som inviterar deg til å kvile under apalen og berre nyte.

Men før Apal tek turen til India, kan dei opplevast i Oldedalen:

KONSERT OG KAFFIKALAS

Tid: søndag 8. september kl. 20.00
Stad: Oldedalen grendahus

Her vert det smakebitar på låtane som seinare skal framførast i India.
Bygdekvinnelaget stiller med sine alltid velsmakande, heimebaka kaker etter konserten.
Gratis inngong.
Alle velkomne!

Turen til India er også omtala i lokalavisa Fjordingen her:

http://www.fjordingen.no/nyhende/article8138567.ece

 

| Mer++