------------------------------------------------------------------------------------------------------

Folkemusikksatsing i Sogn og Fjordane – ei suksesshistorie  – snart berre historie?

Det er vårt og berre vårt ansvar å ta vare på og utvikle vår eigen musikkarv. Vi stoler på at fylkespolitikarane tek dette ansvaret på alvor.

Satsinga på folkemusikk i fylket vårt er ei suksesshistorie. Vi har i dag eit mangfaldig, vitalt og levande folkemusikkfelt med mange ulike aktørar. Og folkemusikken er ei av Sogn og Fjordane sine sterkaste merkevarer.  

Fylket har dei siste 25 åra vore ein talentfabrikk for unge folkemusikkutøvarar, og fleire gjer god karriere med folkemusikkarven frå fylket i bagasjen. Utøvarar som Sigrid Moldestad, Erlend Apneseth, Unni Løvlid, Gro Marie Svidal og Gamlebanken spelemannslag, for å nemne nokre, har gjort seg sterkt gjeldande på små og store scener i inn- og utland, og sanka ei rekkje heidersutmerkingar. Dei har sett Sogn og Fjordane på kartet. Desse utøvarane hadde ikkje vore der dei er i dag, om det ikkje fanst eit aktivt og levande folkemusikkmiljø og profesjonelle lærekrefter der dei vaks opp.

Førdefestivalen har også i høgste grad sett fylket på kartet. Festivalen er den største i sitt slag i Skandinavia, og får kvart år besøk av publikum, artistar og presse frå heile verda. Men Førdefestivalen kunne aldri har vore der den er i dag, hadde det ikkje vore for det store lokale engasjementet. Folkemusikkmiljøet har sidan starten vore ein avgjerande bidragsytar, både profesjonelt og på dugnadssida. 

I denne satsinga har fylkeskommunen vore ein svært viktig aktør. Fylkesmusikarordninga har sikra at både kulturskular, spelemannslag, og andre aktørar innan både frivillig og profesjonelt musikkliv har hatt tilgang på profesjonelle musikartenester. Fylkeskommunen sine løyvingar til det frivillige folkemusikkmiljøet, til Førdefestivalen, til musikarordninga, har sikra nødvendige arenaer for ein levande folkemusikktradisjon. Rekruttering, opplæring og formidling. Resultata har vi alle sett. 

Det har teke lang tid og eit stort og medvete arbeid å kome dit vi er i dag.  Men det er skremmande enkelt å rive ned. No er både fylkesmusikar­ordninga og tilskot til organisasjonar og knutepunkt­festivalar som Førdefestivalen trua. 

Suksessen er ikkje tilfeldig. Alt heng saman. Og det ligg ei satsing bak. Pionerarbeid. Vi har vore eit føregangsfylke. Det vi har fått til her, har vore til inspirasjon for resten av landet.  

Folkemusikkarven vår er ein unik skatt det ikkje finst maken til. Den er vår immaterielle kulturarv. Denne skatten forvaltar vi best gjennom aktiv bruk: Gjennom å halde folkemusikktradisjonen levande. Gode fylkespolitikarar: Dette ansvaret er vårt, og berre vårt.
Vi som er aktørar i det frivillige musikklivet og dei profesjonelle institusjonane, tek meir enn gjerne vår del av ansvaret.

Vi stolar på at de som fylkespolitikarar  òg tek dette ansvaret på alvor gjennom dei fylkeskommunale løyvingane - også i framtida.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag      Førdefestivalen                Sogn og Fjordane ungdomslag
Antonia Karete H. Kongsvik-leiar      Hilde Bjørkum-direktør        Arve Hornnes-leiar