HildeBjørkum

Sogndal, 3. mars

Folkemusikkprisen 2018

Hilde Bjørkum er tildelt Folkemusikkprisen 2018.

Under Fylkeskappleiken i Sogndal 2.-3. mars vart Hilde Bjørkum tildelt Folkemusikkprisen 2018. Her er kan du lese grunngjevinga for utdelinga.
 
FOLKEMUSIKKPRISEN 2018
 
Få personar har markert seg innanfor folkemusikken i fylket slik som denne personen.
 
På imponerande vis har årets prisvinnar behalde iveren for den lokale folkemusikken samstundes med sitt store nasjonale og internasjonale engasjement, og prisvinnaren evnar å arbeide for og formidle folkemusikkglede på både amatørnivå og profesjonelt nivå.
 
Prisvinnaren var den første tilsette sekretæren i  Sogn og Fjordane Folkemusikklag, og hadde denne jobben frå 1983-1986. Frå 1986-1989 var ho den første folkemusikkarkivaren i fylket, og sidan 1989, med få avbrot, har ho vore dagleg leiar/direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.
 
Då vil eg be om at Hilde Bjørkum kjem fram på scena. Hilde har spelt hardingfele i Indre Sunnfjord Spelemannslag heile sitt vaksne liv og vore ein aktiv dansar. På 1980- og 90-talet var ho med på fleire turnear for Rikskonsertane (skulekonsertar) i Sogn og Fjordane, Hordaland og Hedmark. Ho har vunne Landskappleiken i dans hardingfele klasse A fleire gonger og har kongepokal frå 1989. I 1992-1993 arbeidde ho eit år som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane.
 
I 2005 vart Hilde Bjørkum tildelt Rff-prisen. Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats på folkemusikk- og/eller folkedansfeltet. I 2015 fekk Hilde Bjørkum fylkeskulturprisen for hennar arbeid i og med Førdefestivalen.
 
Som direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har Hilde Bjørkum sett Sogn og Fjordane og Norge på kartet. Kvart år vert omlag 300 artistar frå heile verda presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26 000 besøkande kvart år. Ho har gjeve mange unge og talentfulle folkemusikkutøvarar moglegheit til å syne seg fram for eit kompetent publikum, og synt stor kreativitet til å utvikle og fornye festivalen. Hilde går no inn i sin siste periode som festivaldirektør og vi er derfor ekstra glade for å kunne heidre ho no.
 
Det er ei stor ære å få dele ut årets Folkemusikkpris til Hilde Bjørkum. Gratulerer!
 
Folkemusikkprisen er ei heidersutmerking og blir delt ut anna kvart år til ein person, lag eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for folkemusikken i fylket. Prisen delast ut av Sogn og Fjordane Folkemusikklag og består av eit litografisk trykk av Ludvig Eikaas
 
Tidlegare mottakarar av Folkemusikkprisen er Svein Nesje (2016), Elin Grytting (2014), Jon Oddvar Kandal (2012), Einar Eimhjellen (2010), Harald Hesjevoll (2008), Arne M. Sølvberg (2006), Ingrid Søyland (2004), Petter Eide (2002), Sigmund Eikås (2000), Oline Løvlid (1998), Maria og Lars Ryssdal (1996), Anna og Ragnvald Lunde / Martha Seljeseth Frøland (1994), Svein Skjerdal (1992), Peder Raad / Johanna og Nils Ormberg (1990), Gudveig og Ingolf Iversen / Sjur Hesjevoll (1988) og Paul Berstad (1986).
 
Foto: Silje Drevdal
| Mer++