Medan Hilde Bjørkum guidar deg gjennom fem dagar med nye konsertopplevingar i Førde, kan du nyte ein enkel lunsjrett servert av Kafé SOBRA på Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og levande musikk av ypperste klasse.
 
Velkomen til
PROGRAMSLEPP FØRDEFESTIVALEN 2016
TORSDAG 7. april kl. 11.30- ca. 12.30
Stad: Kafé SOBRA i Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Du kan gjerne «melde deg på» via Facebook HER  - og del gjerne! Alt er gratis.

 


Same kveld kan du oppleve ei konsertperle på FolkJazzScena i Førde:


Gjermund Larsen Trio
Torsdag 7. april kl. 20.00 - Haarklousalen, Førde kulturskule

KJØP BILLETT

Gjermund Larsen er ein slags folkemusikkens wonderboy, eller kva skal vi seie om ein musikar som har følgjande Gabriel Fliflet-sitat hengande ved seg: Ser ut som Jesus og spelar som Gud? Han kjem frå ei sterk musikarfamilie i Verdal, og har etablert seg på høgste nivå både som musikar og komponist.
 
I sin eigen trio har Gjermund Larsen med seg Sondre Meisfjord på bass og Andreas Utnem på flygel og trøorgel, og det blir høgtid når desse tre tek plass i den vakre Haarklousalen i Førde kulturskule for ein akustisk konsert av den sjeldne sorten. Eksklusivt blir det også, med plass til berre 60 i salen. Tipset denne gongen er å sikre seg billettar på førehand. Du fiksar det lett på TicketCo.no.
 
VIDEO

Prisar: Vaksne kr 300 | BOB-medlemer  kr 240 | Frivillige kr 220 | Student og ungdom kr 170
 
Velkomen!