- Det er utruleg spennande å utforske ulike musikktradisjonar på tvers av geografiske og kulturelle skilje, seier Bjørkum. – Kva fellestrekk har munnlege songtradisjonar i Europa?  Dei magiske understrengene på hardingfela, kling dei på same måte som understrenger på instrument frå India, Sverige og Bulgaria? Kva skjer når munnharpa og den polyfone songtradisjonen frå fjella på Sardinia møter eggande munnharpespel og overtonesong frå det mongolske steppelandet? Og korleis vert møtet mellom den vestafrikanske harpa kora og ei klassisk konsertharpe? Bjørkum trur alle har ei utforskartrong i seg og ser fram til å invitere publikum med på nye musikalske oppdagingsreiser under årets festival.
 

Nye produksjonar – frå understrenger til vokalvariasjonar.
- Gjennom nye konsertproduksjonar vil vi invitere til nye musikkopplevingar og formidle ny kunnskap, fortel Bjørkum.  – Det er viktig for oss å ikkje berre gå etter «kjendisartistar». Vi vil også skape nye produksjonar og legge til rette for utvikling, nye opplevingar og ny kunnskap både for musikarar og publikum, sjølvsagt med musikarar plukka frå øvste hylle. Nettopp dette er ein viktig del av oppdraget vårt som knutepunktfestival; Ikkje ha det «alle andre har», men gå nye vegar og by folk noko dei kanskje ikkje visste at dei ville ha, seier Bjørkum.


Felemeistrar i «String ConneXions»
Ein av produksjonane er prosjektet «String ConneXions», der meisterutøvarar på strykeinstrument frå fire ulike land møtest for første gong - i Førde. Felles for instrumenta er at dei har resonansstrengar som kling med når ein stryk. – Med fire topputøvarar og over 80 strengar i vibrasjon blir dette eit formidabelt meistermøte med store klangopplevingar i vente, trur Bjørkum. Medverkande i prosjektet er vår eigen hardingfelemeister Gro Marie Svidal frå Jølster, vinnar av Landskappleiken 2014 (Norgesmeisterskapen for folkemusikk), den svenske nyckelharpemeisteren  Emilia Amper,  Murad ali Khan frå India på sarangi og Peyo Peev frå Bulgaria på gadulka.


Europeiske stemmer i «Vocal ConneXions»
I denne produksjonen samlar den anerkjende folkesongaren Unni Løvlid eit knippe framståande europeiske vokalistar for å utforske stemmebruk, ornamentikk, melodioppbygging og anna i europeisk folkesong. Vokalistane er skotske Julie Fowlis, franske Annie Ebrel og bulgarske Gergana Dimitrova (Eva Quartet). –Dette er eit spenstig prosjekt der vi får presentert noko heilt nytt, basert på gamle tradisjonar, seier direktør Hilde Bjørkum, som er særleg glad for å ha fått kunstnarleg leiar for Det Norske Solistkor, Grete Pedersen, til å leie prosjektet.

Eit av dei lokala namna på Førdefestivalen i år er plateaktuelle Linda Gytri Trio. Denne trioen vert også ein del av programlanseringa som festivalen feirar med konsertar i både Florø og Sogndal i slutten av mars.

 

Les meir frå temaslepp, følg med på nyheter og programslepp 25.mars på www.fordefestival.no

Les meir om Unni Løvlid som endeleg får realisert draumen sin her

 

Førdefestivalen samarbeider med, og støttar kurstilbodet "Meisterspel" på Mokurset, i regi av Sogn og Fjordane Folkemusikklag.