Dette er meint som ei inspirasjon og kveik for folk i alle aldrar i ei hustren og mørk hausttid. Festivalen har som vanleg både kurs og konsertar, og bruk av naturen er som før ein del av ideen.

Fredag er det konsert på Nordfjord Fritidssenter med song, fele, hardingfele, munnharpe, torader, fløyter, munnspel og dans av topp utøvarar. Ein konsert nær til naturen får ein laurdag etter ein liten spasertur frå Sagedammen og opp til 4H sitt grindabygg ved Demmene. Fjelljom har temakonsert om spelemannen Einar Espe.

Hovudkonserten i Fjellvarden laurdag kveld.
– Også i år har vi henta artistar frå øvste hylle. Vinnar av hardingfele på Landskappleiken både i år og fleire gonger tidlegare, Jan Beitohaugen Granli frå Valdres, vil servere topp spel på hardingfele og på munnharpe som er eit instrument vi tidlegare ikkje har hatt på festivalen. Og ikkje minst kan vi lokke med Britt Pernille Frøholm som i desse dagar slepper sin nye solo-CD «Nordfjord». Vi er og svært glade for å ha Oline Løvlid til å ta seg av songen i år, både på konsertar og kurs, fortel Arne M. Sølvberg.

Etter konserten vert det sjølvsagt dans for alle til musikk frå Fjelljom og gjestene Austrheim musikklag. Sjølv om Austrheim i år feirar sine hundre år, er det første gongen dei spelar i Fjellvarden. Veteranen Petter Eide på 92 år er framleis aktiv i laget. Og han vil glede seg om dansegolvet vert fullt av dansarar i alle aldrar og gjerne slike som både er 70 og 80 år yngre enn han.

Nytt av året er at Sogn og Fjordane Folkemusikklag er ein viktig medspelar på festivalen, då fylkeslaget er i gang med eit rekrutteringsprosjekt for ungdom. Dei unge har tilbod om kurs heile helga både i fele (Britt Pernille Frøholm og Antonia Karete H. Kongsvik), hardingfele (Ingrid Heieren), torader (Hans Hågå) og dans (Anna Gjendem).

Elles tilbyr festivalen kortkurs for alle innan song (Oline Løvlid), munnharpe og hardingfele (begge med Jan Beitohaugen Granli).

Bilete av Jan Beithohaugen Granli, foto: Runhild Heggem