For tredje gong innbyr Spelemannslaget Fjelljom til Fjelljomfestivalen den siste helga i oktober. I år vert det mellom anna hallingkurs med Martin Myhr medan Britt Elise Skram vert hovudinstruktør på fele. I tillegg til kurs har også festivalen fleire konsertar på programmet.

Konsertar:

Villamarkskonserten fredag kl 21.00:  Fløyter, song, munnspel, sag, hardingfele, fele og dans ved bålet i Villmarksleiren på Nordfjord fritidssenter. Billettpris kr 100,- (t. o . m. 10. klasse gratis).

Etter konserten går vi til kafeen på Nordfjord fritidssenter for buskspel, prat og høve til kveldsmat.

Fottur i Ulvedal kulturpark med konsert i grindabygget ved Demmene laurdag kl 1200. Gratis.

Fjellvardenkonserten m/dans laurdag kl 20.00: Kurslærarane m fl. Britt Elise Skram er hovudartist på fele. Vindfylla spelemannslag og Fjelljom spelar til dans. Billettpris kr 200,- (t. o. m. 10. klasse gratis).

Kurs:

Felespel frå fredag kl 1800 til laurdag kveld på Nordfjord fritidssenter.  Undervisning på tre nivå. Lærarar: Britt Elise Skram og Antonia Karete Haugen Kongsvik. Overnatting og mat er inkludert i kursavgifta. Fyrst og fremst eit tilbod til dei yngre.

Munnspel laurdag kl 15.00 – 18.00, helst for slike som har spelt litt før. Lærar Einar Eimhjellen

Song laurdag kl 15.00 – 18.00. Lærar Dag Vanberg

Halling fredag kl 18.00 – 20.00 og laurdag kl 15.00 – 18.00. Lærar Martin Myhr.

Kursavgift kr 250,-  for felekurset og kr 150,- for dei andre kursa. Betaling ved frammøte.

Påmelding helst innan 20. okt. til Arne M. Sølvberg på tlf 48151317 eller epost

 

Mat:

Middag og heimelaga kaffimat vert servert i Fjellvarden laurdag ettermiddag og kveld.

Deltakarane på felekurset får kvelds, frukost og lunsj på Nordfjord fritidssenter.

Overnatting på Nordfjord fritidssenter kan tingast på tlf 90506157. 

 

Fjelljomfestivalen  2016 har økonomisk stønad frå:

Stryn kommune

KOMP v/Norsk musikkråd

Frifond