Musikk og dans i eit herleg natur- og kulturlandskap vil gje glede og inspirasjon for folk i alle aldrar i ei årstid som elles kan vere både hustren og mørk.

Fjelljomfestivalen tilbyr følgjande kurs:

Felespel frå fredag kl. 1800 til laurdag kveld på Nordfjord fritidssenter.  Undervisning på to nivå. Lærarar: Ingrid Heieren og Antonia Karete Haugen Kongsvik. Overnatting og mat er inkludert i kursavgifta. Fyrst og fremst eit tilbod til dei yngre.

Hardingfele laurdag kl.1500 – 1800. Lærar Egil Syversbråten

Munnspel laurdag kl.1500 – 1800. Lærar Einar Eimhjellen

Seljefløyte laurdag kl.1500 – 1800. Lærar Geir Egil Larsen.

Dans laurdag kl.1500 – 1800. Hamborgar og Springar frå Nordfjord. Lærarar Asbjørg og Arne M. Sølvberg

Song laurdag kl.1500 – 1800. Kurstema: Songar for born. Ideelt for barnehagepersonell og andre som har born å synge til. Lærar Elin Grytting.

Kursavgift kr 150,-  betalast kontant ved frammøte.

Deltakarane på felekurset får kvelds, frukost og lunsj på Nordfjord fritidssenter.

Overnatting kan tingast på Nordfjord fritidssenter, tlf 90266550. 

Påmelding til kursa helst innan 19. okt. til Arne M. Sølvberg på tlf 48151317 eller e-post

Konsertar:

Stine Fjellkårstad og Mathias Hagen i frisk dans under fjorårets konsert i Villmarksleiren. Spelemann var Arne M. Sølvberg. Foto: Peder Verlo

Villmarkskonserten fredag kl. 2100: Lur, bukkehorn, fløyter, song, munnspel, hardingfele, fele og dans ved bålet i Villmarksleiren ved Nordfjord fritidssenter. Geir Egil Larsen, Einar Eimhjellen, Ingrid Heieren, Elin Grytting m fl. Billettpris kr 100,- (t.o.m. 10. klasse gratis).

Etter konserten går vi til kafeen på Nordfjord fritidssenter for buskspel, prat og høve til kveldsmat.

Fottur m/konsert i Ulvedal kulturpark laurdag kl. 1000 med Ottar Ulvedal som kjentmann og forteljar. Turen vert avslutta i Varden 4H sitt grindabygg ved Ulvedalsdemmene med enkel servering og liten konsert med Geir Egil Larsen. Gratis.

Coop-konserten laurdag kl. 1400 i lokala til Galleri Ad Fontes. Gratiskonsert ved kurslærarane.

Fjellvardenkonserten m/dans laurdag kl. 2000: Kurslærarane med Geir Egil Larsen som hovudartist på ulike blåseinstrument. Indre Sunnfjord spelemannslag og Fjelljom spelar til dans. Billettpris kr 200,- (t.o.m. 10. klasse gratis).

Indre Sunnfjord spelemannslag og Spelemannslaget Fjelljom skal spele til dans i Fjellvarden. Foto: Tormod Øvrebø/Kjell Thue

Mat:

Middag og heimelaga kaffimat vert servert i Fjellvarden laurdag ettermiddag og kveld.

Følg også Fjelljomfestivalen på facebook.

Fjelljomfestivalen 2015 har økonomisk stønad frå:

Stryn kommune

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

KOMP v/Norsk musikkråd

Frifond.