Fjelljomfestival og TØFT-samling 12.-14. oktober

Fjelljomfestivalen med artistar og lærarar i landstoppen!

TØFT Stryn plakat

Den femte Fjelljomfestivalen vert i år skipa til 12. – 14. oktober. Dette er siste veka i haustferien, og vi vonar mange ungdomar set av dagane til ein skikkeleg musikk- og danseferie. Ideen bak festivalen er som før; ei inspirasjonshelg med musikk, dans og natur. Fylkeslaget sitt rekrutteringsprosjekt TØFT er ein del av festivalen i år som i fjor. Nordfjord fritidssenter er ein flott sosial møtestad for både overnatting og fleire av kursa. Og det flottaste av alt er at ungdom opp til 19 år får alt dette gratis. Folk i alle aldrar er sjølvsagt velkomne.

Læararane i år er i toppklassen. Fjorårets vinnar av landskappleiken i vokal og folkesonglærar på Norges musikkhøgskule, Unni Løvlid, tek seg av folkesongen på festivalen. Håkon Høgemo får ansvar for hardingfela. Han er og knytta til NMH med ansvar for hardingfeleundervisninga der. Han har både Spellemannpris og to sigrar på Landskappleiken. Ingunn Linge Valldal tek seg av felespelet. Ho har fleire gonger vore i toppen på fylkeskappleiken for Møre og Romsdal og vart vide kjend gjennom duoen Ferdafolk. Til lærar og konsertartist på torader har vi fått Rune Sjurgard, opphavleg frå Garmo i Ottadalen, bur i Ørsta og er rådmann i Volda. Han er aktuell med rykande fersk CD med torader i solo og samspel. Og ikkje minst må vi tilråde dansekurset med Ole Nilssen. Han er frå Løten, men bur i Jølster og er prosjektleiar for TØFT. Han kan skilte med siger i dans både på Landskappleiken og Landsfestivalen i tillegg til å ha studert ved NMH med trekkspel som hovudinstrument, eit instrument han og sjølv vil nytte på dansekurset der det vert hovudfokus på runddansane (vals, reinlendar, masurka og polka).

 

Set av helga 12. – 14. okt og meld deg på til arnsoelv@frisurf.no så snart som råd!

| Mer++