Pressemelding Erlend Viken Trio -Pub, dans og konsert!

Gamlebanken Spelemannslag, i samarbeid med Folkjazzscena og Førdefestivalen, inviterer til festkveld
fredag 5. september. Staden er Sunnfjordsalen på Rica Sunnfjord Hotell i Førde.
Det går lovord om ein heilaften du seint vil gløyme.

For eitt år sidan stod Gamlebanken som arrangørar av den årlege Vestlandskappleiken.
Kappleiken vart ein suksess og gav det unge laget meirsmak på å arrangere folkemusikkfest.
Allereie før fjorårets happening var over, sette dei driftige damene i gong med planlegging av neste
prosjekt. Målet var klart: å skape ein sosial og uformell arena for folkemusikk og -dans,
eit tvers igjennom triveleg lågterskeltilbod der alle og ein kvar kan kjenne seg heime.
Med seg på laget fekk dei Førdefestivalen, som tende på ideen og ivra etter å vere medarrangør.
Saman er dei no klare for å setje planane ut i live; publikummarar frå heile trivselsfylket,
og vel så det, kan vente seg ein skikkeleg festkveld.

Ei av dei som står i spissen for arrangementet, er Ingrid Heieren.
"Eg har gleda meg i fleire månader til denne kvelden," kvitrar ho, og lovar at her blir det konsert,
fest og dans langt utover haustnatta. Hotellet har både hjarterom, husrom og dansegolv av beste slag.
Unge stjerneskot i Firda Spelemannslag varmar opp før konsert med Erlend Viken Trio,
som spelar låtar frå den kritikarroste plata "Frie tøyler". Trioen spelar også ei økt til dans, det same gjer
den velmeritterte duoen Kringslått  med John Oddvar Kandal og Helene Myklemyr Bolstad, i tillegg til vertskapet
i Gamlebanken Spelemannslag. Her vert det drivande dansemusikk frå heile fylket.
- Og kvir du deg for å kaste deg ut på dansegolvet? Ingen fare. Før konserten inviterer Ingrid Heieren til eit lynkurs
i enkle dansemooves, heilt gratis.
Her er det duka for god stemning, energisk musikk og dans, og sjølvsagt godt buskspel!

Ta med deg mor di, ein kompis, eller kom åleine. Hjarteleg velkomne, alle som ein!

Konsert og dans: kr 250 / 200 for frivillige og studentar 

Berre dans (etter konserten) kr. 100

 

Les meir om arrangementet, Gamlebanken og Førdefestivalen her:
På Origo -
http://fjordaglimt.no/-/event/show/552323/7763890_konsert-dans-og-folkemusikkpub
På Facebook -
https://www.facebook.com/events/838567329487783/?ref=ts&fref=ts
Om Gamlebanken - https://www.facebook.com/GamlebankenSpelemannslag
Om Førdefestivalen - https://www.facebook.com/fordefestival?fref=ts