Godt nyttår!

Så er vi ved eit skifte. Det året som er brukt, skal bytast med eit  nytt, men erfaringane frå det gamle må sjølvsagt være med i planlegginga av komande dagar. Endringar vert det uansett, om enn i ulik takt frå år til år. I vårt miljø ønskjer vi å ta vare på gode tradisjonar. Det er ei oppgåve i sterk konkurranse med mange tilbod, som flyt over av reklamer frå mange aktivitetar.

Eit samandrag frå møtet i etterkant av Vestlandskappleiken sist haust, fortel at deltakartalet tynnest i nokre av klassane, og at dette må gjerast noko med. Gammaldansen har vore ein god arena for rekruttering  til både musikken og dansen. Ser ein bort frå enkelte lag, har kanskje flyten inn til kappleikane stranda litt. For å yte eit lite bidrag i rett lei, kom det fram ein tanke om å utvide den årlege tilskipinga vi har hatt på Ålhus. Eit samarbeid med folkemusikklaget og hotellet på Skei er etablert, ved å lage ein open arena der dansen står i høgsetet både med og utan rettleing. Som tenkt så gjort.

 
Dansehelg og dansekurs på Skei og Ålhus
Når det nye året har kome skikkeleg i gjenge, vert det dansekveld fredag 12. februar på Thon Hotell Jølster, der det også vert dansekurs laurdag 13. februar i regi av folkemusikklaget. Laurdagskvelden vert som før i Borgja på Ålhus. Begge kveldar er det Sven Nyhus kvartett og lokale lag/grupper som syter for musikken. Nyhus har som kjent arrangert ein del av slåttane frå Moses, Petter og Adolf Paulen.
 
Så får det være ei oppgåve for kvar og ein av oss å slå eit slag for framtida til den tradisjonsrike kulturen vår. Nytt dette høvet, kom i gong med førebuingane og finn danseforma til tevlingane på Landsfestivalen som er i Gaupne til sommaren. Hugs, det er berre å finne den gode balansen mellom musikken og dansen.
 
Vel møtt i februar!
 
Beste helsing
John Oddvar Kandal