Heile bygda i sving
Det var eit effektivt mannskap som bidrog søndagsmorgon - før klokka var slagen 12:00 var nesten heile skulen rydda, og då årsmøtet i Sogn og Fjordane Folkemusikklag var ferdig, eit par timar etterpå, var det ikkje ei sjel å sjå. Vindfylla Spelemannslag og bygdefolket i Kjølsdalen får honnør for eit fantastisk arrangement! Og kan med godt samvit ha ein blåmåndag "dagen derpå".
 
Gode påmeldingar heile helga
11.-13. mars møttes folkemusikarar og folkedansarar frå heile Sogn og Fjordane til tevling i runddans og bygdedans. Over 330 deltakarar deltok i dei ulike klassene på sjølve kappleiken. I tillegg deltok 40 deltakarar på Distriktsmeisterskapen i trekkspel, som har fått sin eigen avdeling i kappleikshelga, til liks med Smørbukkappleiken.
 
Årets Smørbukk
78 deltakarar – alle born og unge – deltok på Smørbukkappleiken 2016. Etter vel utført oppdrag vart dei premiert med Smørbukk karamell, og premiar sponsa av Norsk Barneblad. Den gjevaste utmerkinga «Årets Smørbukk» fekk eidaren Sigve Træen Årskog, av Smørbukk kappleiken sin eigen jury.
 
-Det er ei ære å få sitje i Smørbukk-juryen. Og ikkje minst å få lov til å gje ei ekstra gåve til dei vi tykte utmerka seg litt ekstra. Årets Smørbukk går difor til Sigve Træen Årskog for hans flotte takt og tone og scenevande utstråling, seier juryleiar Åslaug Timenes Bell, som sat i jury saman med Ole Nilssen og Elling Sølvberg. Dei meiner sjølve dei hadde den aller beste oppgåva denne helga. Dei kosa seg med juryarbeidet og var imponerte over flinke og modige deltakarar!
 
Spelte seg til topps i A-klassa
Britt Pernille Frøholm kunne også glise ekstra bredt etter tevlingsresultata vart offentleggjort laurdagskveld. Ho gjekk av med sigeren i klassa spel hardingfele/fele kl. A, og med høgaste poengsum i spel totalt fekk ho også med seg vikingen, vandrepremien i spel, med seg heim.
 
Vandrepremien i dans vart tildelt Irene Hestvik og Leon Årdal, for beste poengsum i pardans bygdedans, klasse B. I vokal fekk Dag Vanberg vandrepremie, i vokal klasse D.
 
Dobbel siger! Andre år på rad
Godt nøgde var også Gamlebanken Spelemannslag. Dei fekk 1. plass både bygdedans og runddans klassene i lagspel. Nett som i fjor under Fylkeskappleiken i Jostedalen.
 
-Det vart jubelbrus, melder laget i ei pressemelding i etterkant av arrangementet, og musikalsk leiar i Gamlebanken, Synnøve S. Bjørset, kan konstatere at dei tøffe slåttane slo an i Kjølsdalen, og legg nøkternt til:
 
-God presentasjon av Gamlebanken, bra start på kappleikssesongen.
 
Og vi kan alle glede oss til vidare kappspeling både på Landskappleik, og ikkje minst på Landsfestivalen som vert arrangert i Gaupne i sommar, med arrangørlaga Gamlebanken Spelemannslag og Jostedalen spel- og dansarlag.
 
Til slutt ønskjer Sogn og Fjordane Folkemusikklag å gratulere alle med resultata på kappleiken, og ikkje minst endå ein gratulasjon til Svein Nesje som fekk tidlelt Folkemusikkprisen denne helga - vel fortent.
 
Her er lenkje til resultatlista: Resultat Fylkeskappleiken 2016