- I perioden frå 1985 til 2006 reiste eg ei rekke gonger over til USA og Canada for å finne opplysningar om utflytte spelemenn frå Noreg, og i hovudsak frå området eg sjølv kjem frå i Sunnfjord, fortel Einar Eimhjellen.
 
Det var etter møte med spelemenn med tradisjonar frå fleire områder i Noreg og Sverige at han ville finne ut meir om korleis utvandrarane sin musikk hadde utvikla seg der borte. No har Einar skrive ein rapport som er å ligge på heimesida til Naustedalen Spelemannslag.
 
- Eg merka meg at mange av spelemenna hadde ein annan spelestil enn vi her heime, fortel Einar, og legg til at det også ligg 32 musikkopptak på heimesida, av spelemenn og grupper som er omtalt i teksten.