Landsfestivalen er ei årleg storhending innan gammaldansmusikken, og samlar om lag 500 deltakarar til tevling innan spel og dans. I tillegg er det eit stort tal publikummarar frå både fjern og nær.
 
- Vi har mange arbeidsoppgåver å ta tak i før startskotet for den første tevlinga går, men eg er viss på at det skal bli både moro og lærerikt. 3.-7. august blir fem feststemde dagar med spel og dans av ypparste klasse, seier Synnøve S. Bjørset, leiar for hovudnemnda.
 
Erfaren hovudnemnd
I hovudnemnda sit det representantar frå begge arrangørlaga, og alle har tidlegare erfaring frå planlegging og avvikling av kappleikar og festivalar. Arve Bjørn Røneid, Asbjørn Røneid, Oda Bolstad, Ingrid Heieren, Åslaug Timenes Bell er ansvarleg for kvar sine område knytt til planlegging og gjennomføring. Førebuingsarbeidet har allereie gått føre seg ei stund, men det var først i påska heile hovudnemnda var samla til felles møte.
 
- Det var både god og høg stemning på det første møtet, og vi skal gjere vårt aller beste for å lage ein god festival der det på best mogleg måte er lagt til rette for både deltakarar og publikum. Til saman har vi ein brei og allsidig erfaringsbakgrunn, og vi skal vere flinke til å dra nytte av kvarandre sin kompetanse, slår Bjørset fast.
 
Håpar på lokalt engasjement
Landsfestivalen vil utan tvil setje eit solid preg på Gaupne og Luster 3.-7. august 2016, og hovudnemnda håpar og ønskjer at innbyggjarane og bedriftene i Luster vil vere med å bidra til denne storhendinga.
 
- Under sjølve avviklinga av arrangementet er vi avhengige av fleire hundre frivillige, og vi ønskjer sjølvsagt å ha eit godt samarbeid med det lokale næringslivet. Vi har alt ein god dialog med kommunen og fleire lokale aktørar, så dette lovar godt, fortel ei entusiastisk Bjørset.
 
Tidspunkt flytta frå juli til august
Landsfestivalen blir ofte arrangert i juli, men det er med omsyn til fleire moment arrangørane har valt å flytte festivalen til august i 2016.
 
- Luster er ein kommune med mykje turisme, og dette er sjølvsagt noko vi ønskjer å ta omsyn til. Vidare er det slik at svært mange i Gamlebanken spelemannslag bidreg på Førdefestivalen i starten av juli, og difor er avhengig av ein liten pause før neste festival står på programmet, avsluttar Bjørset og ønskjer velkomen til Gaupne 3.-7. august i 2016.