Innbyding til Fjelljomfestivalen 2019 med TØFT-samling

Spelemannslaget Fjelljom byr 4. – 6. oktober inn til den sjette Fjelljomfestivalen på Fjelli i Stryn. Sogn og Fjordane folkemusikklag samarbeider med festivalen ved at ei ny TØFT-samling er lagt inn i programmet. Det betyr at alle ungdomar i alderen 10 – 19 år får konsertar, kurs og opphald gratis. Det må vel vere ein god start på haustferien!

Vaksne er og sjølvsagt velkomne til å delta på alle kursa mot ei rimeleg kursavgift på kr 150,- for kortkursa laurdag ettermiddag og kr 250,- for heile laurdag og søndag føremiddag. Svært rimeleg overnatting på Nordfjord fritidssenter for dei som er over TØFT-alderen ordnar vi og. Ta med sengetøy.

Kontakt Arne M. Sølvberg, tlf. 4851317 for påmelding og andre spørsmål.

Fredag 4.okt:
1900: 
Frammøte på Nordfjord fritidssenter (NF) for dei som skal overnatte. Skyss til Fjellvarden.1930: Ungdomstreff i Fjellvarden. Ein liten konsert, dans med rettleiing og kveldsmat. Ev. andre påfunn. Slutt ca. kl. 2200 og skyss til fritidssenteret.

Ingrid Stuhaug Britt Pernille Frøholm Svein Hjellbakk

page1image40492768page1image40491728page1image40491520

 

 

Laurdag 5. okt:

Frukost på NF. Smør niste for lunsj.
1000: Kurs i fele (Ingrid Stuhaug og Britt Pernille Frøholm), hardingfele (Svein Hjellbakk) og song (Malin Alander) på NF, dans (Ole Nilssen) i Fjellvarden.

Ole Nilssen Malin Alander Einar Eimhjellen

page1image40493184page1image40493392page1image40493600page1image42656192page1image42651968page1image42656384

1200: Avmarsj frå NF til Demmene. Ta med nista!
1300: Samling i Varden 4H sitt grindabygg. Der vert servert kakao, kaffi og kjeks. Fjelljom held temakonsert om spelemenne Per M. Skrede og Matias Tvinnereim.
1500: Kursa held fram. Nye kursdeltakarar til tretimars inspirasjonskurs i fele, hardingfele, runddans, song og munnspel (Einar Eimhjellen) er velkomne.
1800: Middag i Fjellvarden.
2000: Konsert og dans i Fjellvarden. Utdeling av Bolstadprisen for
2019. Malin Alander, Svein Hjellbakk, Ingrid Stuhaug, Britt Pernille
Frøholm, Ole Nilssen, Åsmund Arnesen Farstad, Einar Eimhjellen,
Honndalsmusikken, Fjordane og Møre munnspellag og
Spelemannslaget Fjelljom vil syte for ein triveleg kveld. Deltaking på
dansegolvet er ein viktig del av TØFT-samlinga, og oppvisning av
springar mm vert lagt inn i programmet.

2400: Festen slutt. Organisert skyss til NF for dei som skal overnatte.

Søndag 6. okt:

Frukost på NF. Rydding av romma.
1000: Kursa held fram.
1130: Samling i Fjellvarden med gruppevis framføring av noko av det ein har lært på kursa. Foreldra velkomne for henting og deltaking i enkel avslutningslunsj før heimreise.

page1image42656576page1image42658688

Honndalsmusikken

page1image42659072page1image40493808

Spelemannslaget Fjelljom

 

page1image40494016