5.–7. april er det treff for unge folkemusikarar og folkedansarar på Viksdalen. Det vert kurs, konsert og dans, både morgon og kveld. Kurstilboda er i hardingfele, toradar og dans for ungdom frå 12 til 18 år, hardingfele nybyrjar for dei under 12 år, og SmåTØFT – eit songtilbod til dei under 9 år. TØFT er gratis!

Det er overnatting på flatseng på Viksdalen skule, der alle kurs, konsert og dans er. Ta med dykk liggeunderlag, sovepose, dansesko og -kle, finkle til festen osv.

Påmelding innan 24. mars til ole@folkemusikklaget.no

Konsert laurdagskveld
Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Gaular spelemannslag inviterer til konsert laurdagskveld med ingen ringare enn brørne Einar Olav og Gjermund Larsen frå Verdal. Etter konserten spelar duoen til dans, og heile kvelden er det høve til å kjøpe forfriskingar i kaféen.

Instruktørar under kurshelga
Alexander Røynstrand.jpgAlexander Aga Røynstrand er instruktør på hardingfele. Han kjem frå Granvin i Hardanger og har spelt fele sidan han var sju år gammal. Han er ein av Noregs fremste hardingfelespelemenn og har vore lærar på ei rekkje kurs dei siste åra. Alexandre fortel at Bruremarsj frå Gaular er ein av yndlingsslåttane hans, at Gaularfjellet er  favorittfjellovergangen hans, og at han soleis gler seg svært mykje til å koma til Viksdalen.

_MG_9340.jpgKristoffer Kleiveland kjem frå Osterøy og er ein av det beste toradarspelemenna i heile Noreg. Han har fleire sigrar frå både Landskappleiken og Landsfestivalen, og vil lære bort nokre av dei kulaste slåttane han kan. Vi kjennar han kanskje best som Mokurs-onkel, men han er og ein god læremeistar for yngre toradarspelemenn på heile Vestlandet.

 

Åsmund Øydvin.jpgÅsmund Øydvin frå Ulvik har dansa i dansegruppa Ulvik Folklore sidan 2006. Han er ein driven lausdansar i tillegg til at han dei siste åra har hatt fleire oppdrag som danseinstruktør på ulike tilstellingar. Til dagleg er han lærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Under kurset lærer Åsmund frå seg ulike folkedansar, lausdans og ymse godkarstykkje.

 

dagfrid spelar.jpgDagfrid Vallestad Brevik er frå Viksdalen og har spelt hardingfele sidan ho var ca 8 år. Ho har gått i lære i Gaular spelemannslag i mange år, og likar best å spele slåttespel frå Vestlandet. Dagfrid likar å vere med på kappleik, og har vunne både fylkeskappleik og vestlandskappleik, men det aller kjekkaste er å spele til dans. Under TØFT-helga ynskjer Dagfrid å lære vekk slåttar som det kan dansast til.

elin grytting.jpgElin Grytting kjem for å halde SmåTØFT-kurs for deg mellom 4 og 9 år. Kurset startar laurdag kl. 14.00 med song, dans og leik fram til kl. 16.00 Då får de høve til å syne fram det de har lært for resten av kurset, og for foreldre og andre. Etter kurset er det middag, konsert og dansefest.

 

 

HARDINGFELE-, TORADAR- OG DANSEKURS

Fredag:
19.00 – Oppmøte/utpakking
19.30 – Pizza/quiz/dans
23.00 – Stille på romma

Laurdag:
09.00 – Frukost
10.00 – Kurs i grupper (felles pause 11.00)
12.00 – Lunsj
13.00 – Felles song
13.30 – Felles dans
14.00 – Kurs i grupper (felles pause 15.00)
16.00 – Publikum på avsluttingskonsert for dei andre kursa (inkl. felles dans/song)
16.30 – Middag
19.30 – Konsert med Einar Olav og Gjermund Larsen
Dansefest

Sundag:
09.00 – Frukost
10.00 – Kurs i grupper (felles pause 11.00)
12.00 – Hentekonsert/lunsj – vel heim!

HARDINGFELEKURS, NYBYRJAR

Laurdag:

11.00 – Oppmøte/kurs i grupper
12.00 – Lunsj
13.00 – Felles song
13.30 – Felles dans
14.00 – Kurs i grupper (felles pause kl 15.00)
16.00 – Avslutningskonsert (inkl. felles dans/song)
16.30 – Middag
19.30 – Konsert med Einar Olav og Gjermund Larsen
Dansefest

 

 

 

 

 

SmåTØFT-KURS

Laurdag:

14.00 – Kurs

16.00 – Avslutningskonsert

16.30 – Middag

19.30 – Konsert med Einar Olav og Gjermund Larsen
Dansefest