Boreas oppstod i 2006 etter eit musikalsk møte mellom felespelarane i bandet. Gruppa har etterkvart vorte ein sofistikert folkemusikkvartett der tradisjonelle og nykomponerte slåttar frå Noreg og Skottland møtest i finurlege, leikne og fengjande arrangement. Dei har turnért både i Noreg og Skottland fleire gonger, og er denne våren på norgesturné der dei slepper sin første singel og gir ein liten forsmak på den komande plata som kjem i september 2015.

Turnéruta ser slik ut:
Oslo, PhatCat Studios, 12.mai
Rauland, Årestoga, 13. mai
Florø, Blomsterhagen, 15. mai
Vågsøy, Kråkenes Fyr, 16.mai
Eid, Lote samfunnshus, 17.mai
Hornindal, Honndalshallen, 18.mai
Innvik, Liatunet, 19.mai


Boreas er:
Britt Pernille Frøholm er frå Hornindal og spelar hardingfele. Ho har gjennom ei årrekkje hevda seg i nasjonale folkemusikkonkurransar og vart seinast i sommar norgesmeister i gamaldans på solo hardingfele. Ho er felespelar i m.a. trioen MAAR, North Pole Experience og Friensemblet i tillegg til å vere soloartist.

Irene Tillung er trekkspelar frå Voss og spelar i gruppene Tindra og MAAR. Ho er aktiv i mange ulike konstellasjonar og er ein ettertrakta arrangør og komponist. Ho har vore delaktig på ei rekkje plater og har turnert verda over gjennom Rikskonsertane.

Lori Watson er felespelar og folkesongar frå skotske Borders på nordaustkysten av Skottland og har spesialisert seg på folkemusikktradisjonen frå dette området. Til dagleg underviser ho på Royal Scottisch Academy for Music & Drama i Glasgow der ho også nyleg disputerte med ein doktorgrad i folkemusikk. Ho har gitt ut fleire plater med sin eigen trio Lori Watson & and the Rule of Three, og har med denne trioen turnert mykje i Canada og Europa.

Rachel Newton er ein av dei unge framadstormande musikarane i Skottland og har etablert seg som ein spennande og nyskapande musikar på den skotske folkemusikkscena. Ho har sine røter frå øyane i den nordvestre delen av Skottland og i tillegg til å spele skotsk harpe syng ho på gælisk. Ho har gitt ut fleire soloalbum og var i 2014 nominert i klassa for årets musikar under Scots Trad Awards.

www.boreasband.com