Austrheim Musikklag er eit av Noregs eldste spelemannslag, og i 2017 skal dei feire at det er 100 år sidan laget vart starta opp.

- Dette vil vi markere på fleire måtar. Den største hendinga vert tur med Hurtigruta i juni 2017!

MS Richard With har avgang frå Bergen søndag 4.juni kl.20.00. Musikklaget går om bord på båten måndag 5.juni. Turen går langs heile Norskekysten, med mange stopp ved store og mindre havner undervegs. Turen er totalt på 7 dagar. Siste hamneby er Kirkenes laurdag 10.juni. Etter ruta skal vi vere framme kl. 09.00.

Kvar kveld spelar Austrheim Musikklag til dans på båten i "Draugen bar", og dei håpar sjølvsagt at mange vil ta turen ilag med dei.

Er du interessert i å vere med, kan du ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå, avd. Sandane for meir informasjon.
Tlf.: 57 72 50 90. Epost: sandane@travelnet.no