Har Sogn og Fjordane ein eigen klang? Og kva skjer når fire musikarar får utforske og leike med musikk frå fylkesarkivet si samling med meir enn 16 000 historiske lydopptak? Svaret får du høyre på Førdefestivalen 2017.
 
Musikarane Erlend Apneseth, Øyvind Hegg-Lunde, Hilde Marie Holsen og Linda Gytri vitja i starten av mars fylkesarkivet for å gjere djupdykk i musikksamlinga. Her fins det opptak av utøvarar fødde for nærmare 150 år sidan, og spennet er stort: frå gravferdssalmar og bånsullar til kulokk, polka og griseviser – framført på alt frå sag til trekkspel.
 
- Å få gå på skattejakt blant 16 000 lydopptak er magisk i seg sjølv, så det er veldig spennande å sjå kva vi klarar å skape ut frå dette. Vi pussar rett og slett støv av arvesølvet samstundes som vi får smi ny musikk inspirert av det gamle, fortel Linda Gytri.
 
Å lytte med ulike øyre
Musikkarkivar Synnøve S. Bjørset har vore musikarane sin vegvisar i kjeldematerialet, og seier at musikkarven vår har spennande kvalitetar som kan gripast tak i og formidlast på mange ulike måtar.
 
- Ein utøvar innan jazz eller klassisk vil gjerne leite etter og høyre andre kvalitetar ved materialet enn ein folkemusikkutøvar, og det er nettopp dette som gjer det så interessant! I dette prosjektet er vi på jakt etter desse ulike perspektiva, og håpar lyden av fortida også kan inspirere til å skape noko heilt nytt, fortel Bjørset.
 
Opna ei ukjend dør
Dei fire musikarane i prosjektet arbeider til vanleg innan ulike musikalske landskap, og for nokre har dette prosjektet vore eit første møte med fylket sine eigne musikktradisjonar. Lærdølen Øyvind Hegg-Lunde fortel at det å dukke ned i arkivet var som å opne ei dør han ikkje var klar over fanst.
 
- Her fann eg musikk vi sjeldan høyrer rundt oss lengre. Likevel gir alle opptaka ei oppleving på eitt eller anna nivå. Det kan vere ei fantastisk estetisk oppleving, eller det kan vere ei sterk historie som gjer inntrykk. Som musikar vil ein alltid fortelje noko med det ein lagar, så her ligg jo mykje av forteljinga allereie.
 
Døra til tradisjonsmusikken har hardingfelespelar Erlend Apneseth opna for lenge sidan. Men denne gongen har han leita etter litt andre ting enn han vanlegvis gjer.
 
- Eg er både overraska og gledeleg forundra over det eg har funne. Det er så mykje fint å ta av! Særleg i vokalmusikken har eg høyrt mykje som kan vere interessant å overføre til mitt instrument. Det er alltid spennande å lære seg eit nytt tak, eller ein annan måte å forme tonen på, seier Apneseth entusiastisk.  
 
Som å drikke kaffi med ein perifer nabo
- Folkemusikken har alltid vore tilgjengeleg for meg, men meir som ein perifer nabo som eg av og til har teke ein kopp kaffi med. Eg synest difor det er veldig kjekt å bli betre kjend med han, samstundes som eg får utforske han gjennom mitt eige musikalske uttrykk, fortel Hilde Holsen.
 
Holsen spelar trompet og arbeider med sampling, og har også fatta interesse for det utanom-musikalske i materialet.
 
- Eg har høyrt på både sjarmerande amatørar og veldig dyktige musikarar, og har lete meg fascinere av opptaksteknikk og uintenderte lydar i bakgrunnen, så vel som musikalske element. Her er det veldig mykje å la seg inspirere av!
 
Urpremiere på Førdefestivalen
Musikarane si tolking av musikkarven vår får du høyre på Førdefestivalen fredag 7. juli. På konserten Arvesølvet 2017 får publikum nyte både lyden av fortida og heilt nylaga musikk!
 
- Dette er eit veldig spennande prosjekt som vi tente umiddelbart på, fortel direktør for festivalen, Hilde Bjørkum. - Førdefestivalen er både global og lokal, og dette er eit flott døme på korleis vi kan ta vår eigen musikkarv inn i framtida!
Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Førdefestivalen, og er støtta av Norsk kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.
 
Musikarane i prosjektet:
Erlend Apnseth, hardingfelespelar frå Jølster 
Linda Gytri, trekkspelar frå Olden Stryn 
Hilde Marie Holsen, trompetist frå Jølster 
Øyvind Hegg-Lunde, trommis og perkusjonist frå Borgund i Lærdal