Spelemannslaget Fjelljom har høg aktivitet for tida. Etter Fjelljomfestivalen var det Oslo-tur for å spele inn klubben og spele til dans på sjølvaste hundreårsfesten for Nordfjordlaget. Under kulturnatta sist fredag heldt laget konsert på Stryn omsorgssenter, og no er det fullt fokus på programkveld og dans i Urdabrunn i Utvik komande laurdag. Då set laget ut i livet noko som har vore tenkt på lenge, for i Utvik budde i si tid ein av dei aller mest kjende spelemennene vi har hatt i Nordfjord. Anders Reed (1849 – 1924) var fødd i Breim, men mora hans kom frå Valaker i Utvik. Og sjølv levde han det meste av sitt vaksne liv som utvikar, der han og kona Rakel rydja seg eit lite bruk på Berge.

Til Anders Reed kom mange unge karar for å lære seg felespel. Det er sagt at dei var med og braut jord om dagane og fekk speleundervisning om kveldane. Moses Paulen frå Jøster vart rekna som ein svært god elev, men og andre spelemenn som til dømes Gabriel Reed, Per Støyva, Jon Rosenlid og Samuel Bergset sanka seg slåttekunne frå Gamle-Reeden som han gjerne vart kalla. Dette med ”gamle-” vart brukt for å skilje han frå den yngre Gabriel Reed.

Vi vonar det er mange som vil nytte høvet og høyre både slåttar og forteljingar frå Anders Reed sitt liv. Det er rekna at han kunne om lag 300 slåttar, så laurdag vert det nok servert berre ein liten prosent frå repertoaret hans. Spelemannslaget Fjelljom vil spele både springar, bruremarsj, vals, reinlendar, hamborgar og masurka i tradisjon etter han. Og vi får solospel av John Oddvar Kandal og Arne M. Sølvberg. Det er og eit godt høve til å få sjå og høyre nokre av dei unge elevane som får feleundervisning av Mette Carlsen i kulturskulen. Etter konserten vert det servering og høve til å svinge seg i dansen.
 
Konsert kl. 20.00 etterfulgt av dans i Urdabrunn, Utvik.