Hausten 1979 starta det som då heitte Bygstad Spelemannslag  nybyrjarkurs i felespel. Son til Alvhild, Bård, melde seg på kurset i lag med syskjenbarnet Tor Skudalsnes. Alvhild tenkte at når ho først skulle køyre gutane til Sande på kurs kvar veke, kunne ho like godt vere med på kurset ho òg. Fingernæm og musikalsk som ho var, vart ho raskt ein habil hardingfelespelar. Slik starta Alvhild karrieren i spelemannslaget.

Alvhild var aktiv i laget frå første stund, og tok tidleg ansvar. I ti år var ho styreleiar og  synte både mot og mannskap. Etter som laget fekk medlemer frå heile kommunen, gjekk ho i spissen for ei namneendring, til Gaular Spelemannslag. Alvhild  stod òg ved roret då laget tok på seg å arrangere fylkeskappleik på Sande i 1984. Det var første gong spelemannslaget var vertskap for eit slikt stort og arbeidskrevjande stemne. Vi kan trygt seie at Alvhild gjekk føre og synte at det var mogeleg for eit lite lag å få til slike store arrangement.I Alvhild si styringstid fekk ho fleire kjende spelemenn på plass  for å halde kurs i laget. I tillegg skaffa ho arkivopptak med lokale slåttar, og gjorde med det ein viktig jobb for å  føre vidare lokale speletradisjonar. I løpet av perioden som styreleiar i lokallaget var Alvhild nokre år styremedlem i Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

I 1990 starta Gaular spelemannslag nybyrjarkurs i felespel på Sande. Over 20 elevar melde seg på. Alvhild skulle eigentleg berre hjelpe litt til, men den store påmeldinga gjorde at ho fekk halve instruktøransvaret i lag med fylkesmusikar Sigmund Eikås. I tillegg hadde ho ekstratimar med viksdølene på kurset heime i stova ein gong i veka. Eit nytt nybyrjarkurs i 1993 hadde endå fleire deltakarar, og no fekk Alvhild hovudansvar for opplæringa, denne gongen i lag med fylkesmusikar Vidar Underseth. – Berre det å stemme felene til så mange nybyrjarar er litt av ein jobb. Ingen av oss veit kor mange timar Alvhild har stemt andre sine feler, men det kan truleg målast i årsverk! Endå ei nybyrjargruppe sette i gang seinare på 90-talet. Her var mange viksdøler påmeldt og Alvhild heldt like godt kurset heime i den nye storstova i Eldalen.

Alvhild var aldri offisielt musikalsk leiar i spelemannslaget, men i årevis var ho leiar for rekruttar og juniorar. Både på øvingar, på juniortreff, kappleikar og ulike speleoppdrag. Stø som fjell når det gjaldt å stemme feler. Og med tålmod, godt humør og positiv innstilling fekk ho fram det beste i kvar enkelt og samspelet til å fungere!

I samband med øvingar, kurs og møte i regi av Gaular Spelemannslag, har huset i Eldalen alltid stått ope. Om Alvhild hadde travle dagar, var det aldri nei om ein spurde om husrom. Ungar og vaksne  kjende seg velkomne. Hus og hage vart teke i bruk som leikeplass i spelepausar, og det vanka mange kaffikoppar og saftglas fram gjennom åra. Her bør sjølvsagt også nemnast at Einar har måtta høyre mykje felelæte i heimen gjennom tidene. Nybyrjarar sine tonar er ikkje alltid like vakre. . . .

Dei seinare åra fekk Alvhild bokstaveleg talt stadig meir å henge fingrane i på heimebane, og mindre tid og overskot til speling. Dei første elevane hennar var dessutan blitt vaksne nok til å lære opp dei yngre. Men Alvhild sitt engasjement i spelemannslaget var alltid merkbart, gjennom deltaking på aktivitetar og trufast medlemsskap. Ikkje minst vart samarbeidet om Viksdalsmarknaden eit 25 år langt og godt samarbeid med ”handverk og folkemusikk hand i hand”, slik ho sjølv formulerte det. Og det var nettopp eit breitt engasjement for  lokale tradisjonar, som gjorde at Alvhild fekk Kongens Fortenstmedalje i 2011.

Gaular Spelemannslag har svært mykje å takke Alvhild for. Ho har lagd ned eit stort arbeid for folkemusikken i kommunen og har sett varige spor etter seg!

FRED OVER MINNET.