Grunnleggande instruktørkurs i folkedans

I samarbeid med Ørsta Ungdomslag inviterer Noregs Ungdomslag til grunnleggande instruktørkurs i Ørsta helga 18.-19.november 2023.
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag.
Om kurset:
På dette kurset vil du lære eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om folkedanssjangeren og du lærer metodar for å lære bort og leie dans. Kurset er praktisk lagt opp og instruktøren vil ta utgangspunkt i ulike dansar for å gi deltakarane verktøy til korleis lære vekk folkedans til andre. Kurset legger også opp til refleksjon, erfaringsutveksling og diskusjon.
Instruktør på kurset er Inga Myhr og musikar er Sigrid Stubsveen.
For påmelding og meir informasjon, sjå lenkja under.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Arrangør: Noregs Ungdomslag, Ørsta ungdomslag
: Holmegata 7, 6153 Ørsta
Tid: lrdag 18. november 09:00
https://www.deltager.no/…/grunnleggande_...
https://www.facebook.com/events/8524282331...