Sjokoladekappleik på Sunndalsøra 2023

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar ei hyggeleg tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade! Send påmelding på e-post til mrfolkemusikklag@gmail.com innan 11. januar

Arrangør: Nordmøre spelemannslag og Møre og Romsdal Folkemusikklag
: Sunndal kulturhus
Tid: søndag 22. januar 12:00
http://www.folkemusikklag.no/sjokoladekapp...