Barneinstruktørkurs i folkedans

Barneinstruktørkurset er eit kurs for deg som ønskjer å undervise barn og unge i folkedans. Kurset vil ha fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn i tillegg til at du vil få eit innblikk i korleis du kan arbeide med rytmar med barn. Gjennom helga vil kurset gå inn på didaktikk og metodikk i arbeid med dans for barn. Kurset vil òg ta føre seg instruktørrolla, kva som kan motivere deg som instruktør, korleis ein kan samarbeide med andre og ikkje minst korleis ein kan motivere barn til å halde fram med å danse.

Arrangør: Voss Ungdomslag, hardingfela.no
: Voss Ungdomshall Uttrågata 18 5700 Voss
Tid: lørdag 19. november
https://www.deltager.no/event/barneinstruk...