Torsdagsdansen. Dans for alle.

TORSDAGSDANSEN I FJALER.

Levande musikk og instruksjon.

Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir. (Du treng ikkje kunne noko av dette frå før.)... ...

Om Torsdagsdansen i Fjaler.

Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!Ny i Fjaler eller omland? Velkommen her!

Rimeleg: Vaksne 50,- Barn, ungdom, elev, student 10,- Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta med kaffipausen. (Kan du danse, synge, fortelje, sjonglere?? 5 min scena er di i pausen. Gratis på dansen.)

Samarbeid Ungdomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og UWC vidaregåande skule i Flekke. Vi planlegg å delta på UKM 1. mars 2019 "Ung Folkedans Young Folk Dancers"

27. april 2019 deltek alle på Dansens Dag i Dale 12.00. Dalstunet.... Felles med mange andre dansegrupper.

Formål med Torsdagsdansen:

Kultur og miljø. Trivsl. Møteplass. Folk frå Fjaler og andre.

Tilflyttarar. Velkommen her!

Internasjonalt, Skulen på Haugland UWCRCN. Dale vgs.

Styrke sjølvtillit, kjennskap og venskap gjennom dans og kultur.
Januar
10. Nesalandet. ** Nipa Design.
17. UWC ** Elevar på UWC har program.
24. Flekke ** KDH
31. Dale ** Mark Taylor. Musikk i kyrkja i Fjaler.

Februar
7. Nesalandet ** Ingvild Kjøsnes: Trening. Fysisk aktivitet. Naturen.
14. UWC ** Elevar på UWC har program.
21. Flekke ** Leif Jarle Espedal fortel om Lending gard.
28. Dale ** Jan Haugen. Å lage hornskei. Arbeid med horn.

Mars
UKM i Dale. 1. mars. Fredag. Ung Folkedans. Ei gruppe frå Torsdagsdansen.
7. Nesalandet *** E T
14. UWC ** Elevar på UWC har program.
21. Flekke
28. Dale

April
4. Nesalandet
11. UWC ** Elevar på UWC har program.
18. ** Skjærtorsdag (Ikkje Torsdagsdans.)
25. Flekke
27. Laurdag og DD Dansens Dag i Dalstunet. Kl 12.00
(Totalt 16 øvingar med Torsdagsdans. 32 timar trim, moro og opplæring.)

Dale 16.12.2018 Asbjørn Eikerol

Arrangør: Ungdomslaga i Fjaler og UWC
: Flekke i Fjaler
Tid: torsdag 24. januar 20:00
General
https://www.facebook.com/groups/1967419293...