Velkomen til Aftan på Ålhus 2017!

Konserten i kyrkja starter kl 17.00 og i år har me gleda av å presentere Sigrid Moldestad, Hege Støylen Alme, Helene Myklemyr og John Oddvar Kandal. Dei plukkar frå sitt rikhaldige repertoar, i tillegg innbyr dei også til felles salmesong med publikum.


Etter konserten er kaffien klar i Borgja kl 19, då kjem i tillegg toradergruppa Glopperaddane og Gamlebanken Spelemannslag og Paulsmusikken/Breimsmusikken.
 

Folkemusikklaget skipar også til dansekurs på dagtid.
 

Velkomne til ein hyggjeleg kveld!