


VestaFolk: Spindel Duo
Spindel duo dreg på turné i Vestland fylke i oktober som ein del av Førdefestivalen si satsing VestaFolk.

Stillinga som distriksmusikar i Sunnfjord på fele/hardingfele er ledig
Er du interessert, eller kjenner nokon som er interessert? Tips i veg! Søknadsfristen er 20. oktober.

Grunnleggande instruktørkurs i folkedans
I samarbeid med Ørsta Ungdomslag inviterer Noregs Ungdomslag til grunnleggande instruktørkurs i Ørsta helga 18.-19.november 2023.
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag.

Sogn og Fjordane-kappleiken 2024
Eid spelemannslag, Vindfylla Spelemannslag og Nordbygda spel og dansarlag ynskjer alle velkomne til Sogn og Fjordane-kappleiken 2024 5. - 7. april i Operhuset på Nordfjordeid.

Opning Vestlandskappleiken 2023: Konsert med folkemusikkfordjuping - ungdommar frå Vestland
I høve opningskonserten på Vestlandskappleiken 2023 fredag 13. oktober kl. 19 i Gimle, Kong Oscars gate 18 i Bergen, vert det ei konsertførestilling sett saman av Fordjupingsprosjekt i folkemusikk og folkedans, eit prosjekt med 19 ungdommar i alderen 13-19 år frå heile Vestland fylke.

Sjå startlistene for Vestlandskappleiken her

Dansefest etter Jubileumskonserten og Vestlandskappleiken 14. oktober
I løpet av 2023 feirar vi folkemusikken og FolkOrg, og dette kulminerast med jubileumshelga vår i Bergen 13-15.oktober. Det blir konsertar og boklansering. Og som seg hør og bør skal ei folkemusikkhelg ha ein dansefest. Ein stor og gild dansefest!

FolkOrg sin jubileumskonsert
No kan du sikre deg billettar til FolkOrg sin jubileumskonsert 14. oktober i Grieghallen i Bergen. Meir info og kjøp her.

Vestlandskappleiken 2023 og Jubileumshelg i Bergen 13.-14. oktober
Vi gler oss til den store jubileumshelga i Bergen 13. - 14. oktober!
Vi vonar det blir ei helg der folkemusikken og folkedansen verkeleg sett byen på hodet, og at folk frå heile landet strøymer til Bergen.

Frivillig på Vestlandskappleiken
Det trengs frivillige for at Vestlandskappleiken skal arrangerast. Meld deg på her.

Jeremiasfestivalen 2023
Bli med på minnekonsert, 100 år etter Jeremias Henden sin død, på Gloppen hotell torsdag 28. sept kl. 19:30.

Utlysing av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele - tildeling hausten 2023
Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen innan 18. september.