KOMP_logo

Tildelingar frå KOMP:

106 000,- TIL FOLKEMUSIKKEN

Tildelingane frå støtteordninga KOMP er klare, og folkemusikkprosjekt i Sogn og Fjordane har fått tilsaman 106 000,- i stønad.

KOMP er ei støtteordning for kurs, opplæringsprosjekt og andre kompetansehevande tiltak. Det kominn 264 søknader frå heile landet, og den samla søknadssummen var på over 7,1 millionar kroner.

KOMP hadde 1,57 millionar kroner til fordeling, og av desse fekk folkemusikkprosjekt i Sogn og Fjordane 106 000,-

Dei heldige mottakarane er Aurland Spelemannslag, Gamlebanken Spelemannslag, Gaular Spelemannslag, Hornindal Spelemannslag, Jostedal Spel- og Dansarlag, Nordbygda Spel- og Dansarlag, Spelemannslaget Fjelljom og Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

Les meir om KOMP og sjå heile tildelingslista her.

| Mer++