Kårhild Husby Nordstad får prisen for sitt talent på hardingfele. Ho er ein dyktig utøvar med bakgrunn i Bergen Kulturskole og Bergen Juniorspelemannslag. Ho har vore aktiv i spel og dans i Bergen Ungdomslag Ervingen i fleire år og vist seg som eit stort talent  og ein musikalsk pådrivar både som solist og i mindre grupper og spelemannslag. Hun har flere gode plasseringer fra ulike kappleiker, blant annavann ho yngste klasse på Vestlandskappleiken 2014 og var blant dei tre beste i landet under 18 år på hardingfele på Landskappleiken i 2015.
 
Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19 mars 2004, berre 17 år gamal.
 
Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut sidan 2007.
 
I styret for minneprisen sit:
Solgunn Margarete Flaktveit, Sigrid Moldestad, Arne Anderdal og Eva Marie Toppe.